ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Samarbeid

Fagspråksenteret skal fremje samarbeid mellom ulike forskingsmiljø knytt til norsk språk, både med omsyn til geografi, sektorar og forskingsfelt. Gjennom institusjonelt samarbeid skal senteret samordne ein nasjonal innsats for norsk fagspråk.

ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ er prosjektansvarleg og skal koordinere arbeidet ved senteret. Deltakande forskingsinstitusjonar er Høgskolen i Østfold (HiØ), Høgskulen pÃ¥ Vestlandet (HVL), Høgskulen i Volda (HVO), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Universitetet i Agder (UiA), som alle har strategiar som understøttar aktivitetane i senteret. I tillegg deltar Meteorologisk institutt, Helse Bergen HF og Institutet för sprÃ¥k och folkminnen som partnerar i senteret.

Heile 48 forskarar, inkludert ni i rekrutteringsstillingar, skal drive innovativ framtidsretta forsking som styrker berekrafta i norsk språkvitskap med relevans for norsk fagspråk og flyttar forskingsfronten framover.

Vel 40 brukarpartnarar skal pÃ¥ ulike mÃ¥tar bidra i forskinga og til spreiing og bruk av kunnskap frÃ¥ senteret. Blant dei er bÃ¥de eit vidt nett av brukarpartnarar frÃ¥ den offentlege sektoren og enkeltaktørar frÃ¥ næringslivet. 

For å utnytte moglege synergiar i den nasjonale satsinga på norsk fagspråk, vil Fagspråksenteret òg samordne aktivitetar med Senter for norsk fagspråk – i bruk ved Universitetet i Oslo (UiO) gjennom prosjektperioden.

Universitetet i Bergen (ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´) forvaltar sentrale nasjonale ressursar og infrastruktur knytt til SprÃ¥ksamlingane ved Universitetsbiblioteket (UBB): Termportalen, Stadnamnportalen, BokmÃ¥lsordboka, Nynorskordboka, Norsk Ordbok (NO) og CLARINO. FagsprÃ¥ksenteret skal maksimere potensialet for synergi som ligg i Ã¥ kunne dra nytte av eksisterande ekspertise og ressursar, og slik bli eit nav i norsk sprÃ¥kvitskap. 

 

Sist oppdatert: 16.03.2026