ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Konferanser og seminarer

Språk som kvalitet i utdanninga - Behov for norsk fagspråk for studentar


15. april frå klokka 10 til 11 inviterer Fagspråksenteret til nettseminar saman med Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, Språkrådet, og Termportalen ved Universitetet i Bergen.

Om arrangementet

Kva krav stiller vi eigentleg til språkkompetanse hos studentane, og stemmer dei overeins med realitetane i høgare utdanning?

Dette seminaret utforskar den rolla det norske fagspråket har i studieløpet. Studentane kjem inn i utdanninga med ulik språkleg bakgrunn, medan studium og profesjonsløp kan krevje at studentane meistrar akademisk norsk og engelsk, og at dei har gode kommunikative ferdigheiter i tillegg.

Gjennom korte faglege innlegg ser vi på korleis dette påverkar lesinga, skrivinga og den faglege utviklinga til studentane. NSO bidreg med studentane sitt perspektiv.

Program:

  • Didrik Nohre Lønvik, fag- og forskingspolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon gir eit innblikk i kva for utfordringar studentane har nÃ¥r det gjeld bruk av fagsprÃ¥k, og korleis dette pÃ¥verkar den faglege utviklinga deira.
  • Silje Molander, avdelingsdirektør i avdeling for yrkeskvalifisering og opptak i HK-dir fortel om sprÃ¥kkrav for opptak til høgare grunnutdanningar.
  • Marte Pupe Støyva, spesialbibliotekar og doktorgradsstudent, Universitetet i Stavanger tek for seg kva forskinga seier om studentane si lesing i dag, og kjem mellom anna inn pÃ¥ kva som krevst for Ã¥ bli ein god lesar i ei digital tid.
  • Inga BÃ¥rdsen Tøllefsen, førstebibliotekar og leiar av Skrivesenteret ved UiT – Noregs arktiske universitet kjem med eit blikk pÃ¥ norsk som fagsprÃ¥k sett frÃ¥ Skrivesenteret.
  • FrÃ¥ ca. 10.35 panelsamtale leia av Ann-Tove Eriksen, avdelingsdirektør i HK-dir.