ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

°Õ¾±±ô³óø²â°ù²õ±ô±ð

Om forskargruppa

Tilnærmingar til andresprÃ¥kslæring og -undervisning som med ei felles nemning kan omtalast om bruksbaserte (eng. usage-based), er i dag pÃ¥ frammarsj i internasjonal andresprÃ¥ksforsking. Nokre sentrale hypotesar i bruksbaserte tilnærmingar er: SprÃ¥kkunnskap veks fram frÃ¥ røynsle med sprÃ¥k i brukshendingar (usage events); sprÃ¥klæring er læring av konstruksjonar (form-funksjon-tilordningar); sprÃ¥klæring er eksemplar-basert; frekvens i input har innverknad pÃ¥ læringsprosessen; sprÃ¥klæring er ein dynamisk utviklingsprosess; implisitt assosiativ læring gjer seg gjeldande ogsÃ¥ for vaksne innlærarar.

Medlemene i forskargruppa har som felles interesse å studera andrespråkslæring og -undervisning sett i lys av bruksbasert lingvistikk (Usage-Based Linguistics). Kjernen i gruppa er tilsette frå fagmiljøet i norsk som andrespråk og nordisk språkvitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier. I tillegg kjem masterstudentar som arbeider med relevante prosjekt. Gruppa er også open for eksterne medlemer med interesse for feltet. Det er t.d. oppretta samarbeid med Bergen Læringssenter for norsk og samfunnskunnskap og med NAV Bergenhus.

 

Personer

Gruppeleiar
Gruppemedlemmer
Eksterne medlemer