ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Utøvende musikk eller komposisjon (master)

Masterstudiet i utøvande musikk eller komposisjon er eit tilbod til instrumentalistar, songarar og komponistar innan sjangrane klassisk, jazz og tradisjonsmusikk. Studiet legg vekt på å vidareutvikle studentane sin kunstnariske profil og styrke evna til fagleg refleksjon og sjølvstende.

Kva lærer du?
  • Ã¥ analysere og drøfte musikkfaglege problemstillingar med utgangspunkt i musikken si historie, tradisjonar, stil og estetikk, og musikken sin funksjon i kultur og samfunn
  • Ã¥ analysere og ta kritisk stilling til materiale frÃ¥ kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og bruke dette i eige arbeid
  • Ã¥ realisere og formidle eigne kunstnariske intensjonar med ein tydeleg personleg profil
  • Ã¥ bruke kunnskap til Ã¥ utvide eigne musikalske perspektiv og gjennomføre sjølvstendig kunstnarisk utviklingsarbeid
  • pÃ¥ ein kritisk og reflektert mÃ¥te Ã¥ artikulere og drøfte musikkfaglege spørsmÃ¥l, bÃ¥de innanfor fagmiljøet og i kontakt med publikum
  • Ã¥ vise sjølvstende i møte med krevjande kunstnariske utfordringar, og ved Ã¥ initiere, gjennomføre og leie ulike prosjekt
  • Ã¥ bidra til utvikling og fornying i musikklivet og musikkbransjen
  • Ã¥ ha innsikt i etiske problemstillingar knytt til kunstnarisk utviklingsarbeid
Studiekvardag

Det blir gitt individuell rettleiing i utøving/komposisjon og prosjektarbeid. Undervisninga ellers er felles. 

Masterstudiet har eit internasjonalt studentmiljø og brukar engelsk som kommunikasjonssprÃ¥k i delar av fellesundervisninga. I tillegg til undervisning frÃ¥ eit høgt kvalifisert fagpersonale inviterer programmet nasjonale og internasjonale gjester til Ã¥ halde seminar og meisterklassar. 

Fagpersonalet ved Griegakademiet er internasjonalt aktive utøvarar, komponistar og forskarar. Det er mange ulike spesialiseringar i fagmiljøet, blant anna historisk oppføringspraksis, lied-interpretasjon, opera, kammermusikk, norsk musikk og samtidsmusikk. 

Kva kan du jobbe som?

Aktuelle yrke kan vere utøvande musikar/komponist , orkestermusikar, lærar ved universitet/høgskole, i vidaregÃ¥ende skole og i kulturskolen. Ein kvalifiserer seg ogsÃ¥ for arbeid i det frivillige musikklivet og ved ulike kulturinstitusjonar. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: Ingen

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Opptaksprøver til master i utøvende musikk eller komposisjon foregår i to runder.

Søknadsfrist: 15. desember
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er eit toÃ¥rig fulltidsstudium som startar i august. Emnekoden i parentes.   

1.semester (haust): 

Prosjektarbeid I, Innføring I arbeidsmetodar (, 15 studiepoeng) 

Konsertframføring I (, 15 stp) eller Spesialemne I for komponistar (, 15 stp) 

2.semester (vÃ¥r): 

Prosjektarbeid II ( , 15 stp) 

Konsertframføring II (, 15 stp) eller Spesialemne for komponistar II (, 15 stp) 

3. og 4. semester (haust og vÃ¥r): 

Same emnefor utøvarar og komponistar: Masterprosjekt (, 20 stp) 

Mastereksamen I utøving eller komposisjon (, 40 stp)  

Utveksling

Instituttet legg til rette for utvekslingsopphald (normalt i 3. semester) ved ein utanlandsk institusjon. 

Les om utveksling  

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55587300
E-post: studieveileder.kmd@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon