ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Utøvende musikk eller komposisjon (bachelor)

Griegakademiet tilbyr ei av landets beste musikkutdanningar. I eit kreativt miljø kan du utvikle dine ferdigheiter og kunstnariske potensiale, og fordjupe deg på ditt hovudinstrument.

Kva lærer du?

Instituttet tilbyr fagleg kompetanse og fasilitetar som gjer det mogleg å utforske eit breitt spekter av kunstnariske praksisar, metodar og uttrykk. Vi vektlegg kritisk tenking og sjølvstendig tilnærming.

Du får undervisning individuelt og i grupper innanfor hovuddisiplinen din. Du lærer også om musikkhistoria og samanhengen mellom musikk, kultur og samfunn, og du får ei innføring i relevant musikkteori og utøvande støttedisiplinar.

 PÃ¥ bachelorprogrammet vil du fÃ¥ kunnskap om musikken sine funksjonar, bÃ¥de i eit kulturelt perspektiv og i eit samfunnsperspektiv, og innsikt i musikklivet og bransjen sine krav til ein profesjonell musikar.

Du lærer å

  • oppdatere eigen kunnskap
  • reflektere rundt eigen praksis og faglege problemstillingar
  • ta ansvar for eiga faglege utvikling
  • arbeide mÃ¥lretta og sjølvstendig, Ã¥leine og saman med andre
Studiekvardag

Griegakademiet tilbyr ei utdanning i eit kreativt miljø pÃ¥ tvers av studieretningar. Du blir godt kjent med medstudentane dine og vil arbeide saman med alle Ã¥rstrinn i forskjellige settingar. 

Undervisninga er samansett av

  • forelesningar
  • seminargrupper
  • praktiske øvingar
  • feltkurs
  • ²õÂáø±ô±¹²õ³Ù³Ü»å¾±³Ü³¾
  • forum basert pÃ¥ instrument og instrumentgruppe/sjanger
  • konsertar 

Dei to første Ã¥ra bruker du tid pÃ¥ bÃ¥de hovudinstrument og grunnleggande musikkteori. Dei to siste Ã¥ra bruker du pÃ¥ spesialisering gjennom hovudinstrument og valemne. 

Studiet legg godt til rette for at du kan fokusere pÃ¥ interesser og repertoar som er relevant for ditt hovedinstrument/din disiplin. I tillegg bestÃ¥r studiet av 60 frie studiepoeng som skal fyllast med valemne. Griegakademiet tilbyr ei rekke musikkfaglege valemne, i tillegg kan du velje blant mange andre opne emne som ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ tilbyr. 

Kva kan du jobbe som?

Gjennom det fireÃ¥rige programmet legg du grunnlaget for ein karriere som utøvande og skapande musikar, og eit grunnlag for vidare studium innan høgare utøvande musikk eller komposisjon. Dersom du vel Ã¥ ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i etterkant av eller integrert i bachelorgraden, fÃ¥r du ogsÃ¥ ein formell kompetanse til Ã¥ jobbe i skolen eller i kulturskolen. 

Etter endt bachelorutdanning er du godt rusta for Ã¥ kunne arbeide som 

  • frilansmusikar
  • frilanskomponist
  • orkestermusikar
  • undervisar  
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Du må i tillegg til generell studiekompetanse bestå utøvande opptaksprøver innan din hoveddisiplin/ditt hovedinstrument.

Søknadsfrist: 15. desember
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon er eit fireårig fulltidsstudium som startar i august.

1. og 2. studieår

Hovudinstrument eller komposisjon blir kombinert med musikkteoretiske emne.

Studiet av hovudinstrument omfattar mellom anna, utvikling av teknikk og personleg uttrykk, interpretasjon, repertoarkunnskap, ensembleaktivitetar, fellesprosjekt, og instrumentkunnskap/stemmefysiologi.

3. og 4. studieår

I det tredje og fjerde året kan du velje emne etter kva du interesserer deg for.

Slik kan studiet sjå ut:

1. år

Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng

Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng

Akademisk skriving - 5 studiepoeng

Musikkhistorie - 10 studiepoeng

Musikkteori I - 15 studiepoeng

2. år

Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng

Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng

Musikk, kultur og samfunn - 15 studiepoeng

Musikkteori II - 15 studiepoeng

3. år

Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng

Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng

Valemne - 30 studiepoeng

eller

Utveksling - 60 studiepoeng

4. år

Utøvande hovuddisiplin - 25 studiepoeng

Utøvande støttedisiplin - 5 studiepoeng

Valemne - 30 studiepoeng

Utveksling

PÃ¥ utøvende musikk eller komposisjon er det vanleg Ã¥ reise pÃ¥ utveksling i femte og sjette semester. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i mange land, som for eksempel Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike og USA. 

Vidare studiemoglegheiter

Etter bestÃ¥tt bachelorutdanning kan du søke opptak til ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller praktisk-pedagogisk utdanning, PPU. PPU kan ogsÃ¥ gjennomførast integrert pÃ¥ 3. og 4. studieÃ¥r i bachelorprogrammet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55587300
E-post: studieveileder.kmd@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon