ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Studieplan for MAHF-TEAT Masterprogram i teatervitskap, vår 2026

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i teatervitskap har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år. Masterprogrammet er bygd opp med ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen er 45 studiepoeng knytt til obligatoriske emne og 15 studiepoeng knytt til valemne.

Namn på grad

Master i teatervitskap

Fulltid/deltid

Masterprogrammet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidsstudium.

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

Norsk

Studiestart - semester

Hovudoppstart er om hausten, med eventuelt suppleringsopptak om våren.

MÃ¥l og innhald

Masterstudiet i teatervitskap er forankra i ein humanvitskapleg og estetisk-hermeneutisk fagtradisjon. Gjennom studiet skal studenten få fordjupa forståing for teater som kunstnarisk uttrykk i samfunnet. Studiet skal gi god innsikt i vitskaplege problemstillingar og metodar i høve til dei systematiske områda i faget: dramaturgi, skodespelarkunst, regi, scenografi og teaterkritikk. Studiet skal gi innsikt i og fortrulegheit med nyare teoriar og metodar i teatervitskapen.

Undervisinga som vert gitt skal i størst mogleg grad vere forskingsbasert, fagleg oppdatert og tilpassa teaterfeltet og kultursektoren sine behov for kunnskap.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù±ð

Kunnskapar

Etter fullført mastergrad har studenten

  • avanserte kunnskapar om teateret si historie og dei systematiske omrÃ¥da i teatervitskapen
  • avanserte og detaljerte kunnskapar pÃ¥ eige spesialfelt (masteroppgÃ¥va)
  • omfattande og gode kunnskapar om teatervitskapelege teoriar og forskingsmetodar
  • god forstÃ¥ing for dei underliggande vitskapsteoretiske problemstillingane i teatervitskapen
  • grunnleggjande kjennskap til forskingsetiske og yrkesetiske spørsmÃ¥l innan teater og teaterforsking

Ferdigheiter

Etter fullført mastergrad kan studenten

  • planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
  • nytte teatervitskapelige teoriar og metodar til Ã¥ analysere nye faglige problemstillingar innan fagomrÃ¥da i teatervitskapen
  • analysere og forholda seg kritisk til etablerte teatervitskapelige teoriar
  • analysere og forholda seg kritisk til ulike typar av informasjonskjelder
  • tileigne seg ny kunnskap ut over lærestoffet som inngÃ¥r i studiet, og nytte denne kunnskapen innan forsking og formidling

Generell kompetanse

Etter fullført mastergrad kan studenten

  • drøfte, argumentere og ta sjølvstendig standpunkt til problemstillingar innan teaterforsking, praktisk teater og teaterpolitikk
  • formulere løysingsforslag til teaterrelaterte problemstillingar i tekst og munnleg framføring
  • bidra til kritisk nytenking og fagleg utvikling innan teater og teatervitskap

Opptakskrav

Masterprogrammet i teatervitskap byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i teatervitskap, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i teatervitskap

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i teatervitskap eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter pÃ¥ minimum C i emna du fÃ¥r opptak pÃ¥ grunnlag av.
  • SprÃ¥kkrava i bÃ¥de norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med , anten pÃ¥ grunnlag av norsk vidaregÃ¥ande skule eller pÃ¥ annan mÃ¥te.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel om studentane i tillegg til engelsk meistrar eit minimum av tysk og/eller fransk.

Obligatoriske emne

Dei obligatoriske emna er:
">TEAT301: Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori
">TEAT302: Teatervitskap: Prosjektskildring
">TEAT303: Teatervitskap: Teoretisk fordjuping i eit systematisk område

Tilrådde valemne

Studenten skal velje eitt av to valemne:

TEAT310: Yrkesrelatert praksis

TEAT311: Seminarinnlegg innan eit sjølvvalt område

Valemnet kan bytast ut med emne på masternivå frå andre fag eller universitet. Innpass av slike emne må godkjennast av fagmiljøet før emnet kan takast inn i programmet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Dette er ei rettleiande oversikt over eit mogleg studieløp og er basert på studiestart i haustsemesteret:

1. semester (haust): TEAT301 og TEAT302 2. semester (vår): TEAT303 og anten TEAT310

eller TEAT311

3. semester (haust): TEAT350

4. semester (vår): TEAT350

Delstudium i utlandet

Teatervitskap har eigne Erasmus-utvekslingsavtalar med teatervitskaplege fagmiljø ved Vytautas Magnus-Universitetet i Kaunas (Litauen), Justus-Liebig-Universitetet i Giessen (Tyskland), Hildesheim Universitet (Tyskland), Universitetet i Antwerpen (Belgia), Universitetet i Louvain (Belgia) og Universitetet i Pelopones (Hellas). Vidare har vi Norplus-avtale med Dramaturgi ved Ã…rhus Universitet. Studentane kan dessutan nytte andre utvekslingsavtalar mellom ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og universitet rundt om i verda. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet i forkant av utvekslinga.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisingsformene omfattar forelesingar, seminar, munnlege studentframlegg, rettleiing, arbeid med emneoppgåver og masteroppgåve.

Vurderingsformer

For dei obligatoriske emna og valemna vert ulike vurderingsformer som heimeeksamen, semesteroppgåve, praksisrapport og munnleg presentasjon/prøveforelesning nytta.

Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Etter innlevering og sensur av masteroppgåva, framstiller kandidaten seg for ei justerande munnleg prøve.

Sjå dei einskilde emneplanane for meir informasjon.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Karakterskala

Karakterskala på emna i programmet er anten bestått/ikkje bestått eller bokstavkarakterar A-F. Sjå emneomtalen for det einskilde emnet for nærare informasjon.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet i teatervitskap kan danne grunnlag for ei vidare forskarutdanning (ph.d) innanfor dei teatervitskaplege fagområda.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i teatervitskap gir avansert kompetanse i teaterhistorie, vitskapsteori, dei systematiske områda i teater og teatervitskap: skodespelarkonst, dramaturgi, regikunst, teaterproduksjon og formidling. Teatervitskapelig kompetanse er etterspurd i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring. Gjennom utdanninga får studentane høve til å knyte kontaktar med det utøvande scenekunstfeltet, som kan vera til stor nytte i høve til framtidig karriereutvikling.

Studiet gir kandidatane grunnlag for livslang læring og spesialisering innanfor teater og teatervitskap.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i trÃ¥d med retningslinene for kvalitetssikring ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Emne- og programevalueringer finn ein pÃ¥ kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret for teatervitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no