ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Statistikk og data science (master)

Statistikk er et fagfelt innen matematikk som dreier seg om prinsippene og metodene for å samle inn og analysere kvantitativ informasjon. Til dette nyttes modeller og konsepter fra sannsynlighetsteori.

Kva lærer du?

Studiet gir god kjennskap til metodar og teknikkar innan statistikk og data science. Gjennom programmet blir kandidaten utdanna til profesjonell statistikar, som handlar om å trekke konklusjonar frå data og beskrive usikkerheit.

Veljar du spesialiseringa Finansteori og forsikringsmatematikk får du aktuarkompetanse i tillegg til en mastergrad i statistikk.

Med ein mastergrad i statistikk og data science har du:

  • InngÃ¥ande kunnskap i matematikk og statistikk, og kan tilpasse allmenne prinsipp for konstruksjon av statistiske metodar pÃ¥ konkrete problemstillingar med estimering og testing av ukjente parametrar.
  • Erfaring i Ã¥ presentere, munnleg og skriftleg, vitskaplege resultat basert pÃ¥ analyser, sett i samanheng med eksisterande forskingsresultat, ogsÃ¥ til ikkje-spesialister.
  • Praktiske ferdigheiter i bruk av relevant programverktøy.
Studiekvardag

Matematisk institutt finn du i Realfagbygget på universitetsområdet i sentrum av Bergen. Miljøet er hyggeleg og uformelt, med studentar og tilsette frå heile verda. Du får eigen, fast plass på lesesalen saman med dei andre masterstudentane.

Gjennom det toÃ¥rige programmet følger du emne eller spesialemne og skriv ei masteroppgÃ¥ve. Nokre av emna innanfor spesialiseringane er obligatoriske, andre emne vel du i samrÃ¥d med din faglege rettleiar. 

Emna har vanlegvis førelesingar og grupper som basis, om lag 14 timar per veke. Du finn meir informasjon om emne, timeplanar og litteratur pÃ¥ spesialiseringssidene. 

Masteroppgåva di skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid der du brukar formålstenlege metodar og vitskaplege framgangsmåtar i forskingsprosessen. Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di.

Kva kan du jobbe som?

Det har hittil ikkje vore vanskar på arbeidsmarknaden for kandidatar med kompetanse i statistikk og data science. Kandidatar har blant anna fått arbeid i oljeindustrien, forsikring, helsevesen, havforsking samt undervisning og forsking ved universitet og høgskular. Det er eit udekt behov for lærarar med kompetanse i statistikk i den vidaregåande skolen.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Masterprogrammet i statistikk og data science byggjar på ein bachelorgrad med minst 60 studiepoeng fagleg fordjuping i rein matematikk og teoretisk statistikk.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet omfattar to studieÃ¥r (fire semester), og startar haust eller vÃ¥r.   

Det første Ã¥ret følger du emne pÃ¥ til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an pÃ¥ kva spesialisering du vel. Det andre Ã¥ret skal du bruke til Ã¥ arbeide med masteroppgÃ¥va, som utgjer 60 studiepoeng.  

Alternativt kan du velje Ã¥ skrive ei masteroppgÃ¥ve som utgjer 30 studiepoeng, og følge emne pÃ¥ til saman 90 studiepoeng. 

I masterprogrammet i statistikk og data science kan du velje mellom følgjande spesialiseringar:

Dataanalyse
Spesialiseringa kan innebere at ein analyserer eit konkret datasett. Typisk nyttar ein numeriske teknikkar for Ã¥ vurdere metodane som inngÃ¥r i tolking av data. Det er ofte snakk om simulering gjennomført ved eigne program. Dessutan byggjer gjerne sjølve analysemetoden pÃ¥ tidkrevjande numeriske rutinar i tillegg til matematiske formuleringar. Studieretninga gir god bakgrunn for seinare arbeid med analyse av kompliserte datasett innanfor ulike praktiske fagfelt.  

Finansteori og forsikringsmatematikk
Spesialiseringa er retta mot dei metodane som trengst ved praktisk arbeid innanfor forsikring og finans. Det inneheld bÃ¥de modellering som byggjer direkte pÃ¥ sannsynsrekning og metodar for analyse av aktuelle datasett. Mastergraden i statistikk med denne studieretninga gir aktuarkompetanse.  

Matematisk statistikk
Spesialiseringa er retta mot Ã¥ kunne forstÃ¥ og videreutvikla essensielle metodar og teknikkar innan statistikk og sannsynlighetsteori. Det blir fokusert pÃ¥ utvikling av analytiske ferdigheitar og ein djupere forstÃ¥ing av stokastiske fenomen og statistisk metodikk. Spesialiseringa gir essensielle eigenskapar for Ã¥ kunne møte fremtidens datadrevne utfordringar.  

Utveksling

Du kan velje å

Vidare studiemoglegheiter

Med ei mastergrad i statistikk og data science er du kvalifisert for vidare forsking, som å ta ei doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: studierettleiar@math.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i statistikk og data science