Språkvitskap (bachelor)
Vi menneske tar ofte språkevna vår for gitt, men ho gir oss mange overraskande eigenskapar. Språk gjer det mogleg å diskutere ting som finst, men også alt som ikkje finst. Med språk kan vi fortelje kva som har skjedd, kva som skjer og kva som kan skje, og overføre kunnskap mellom generasjonar.
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 15
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
Kva lærer du?
Språkvitskap er studiet av språk, språkstruktur, korleis vi bruker språk og korleis språk varierer i tid og rom. Som student på språkvitskap får du kunnskap om lydsystem (fonologi), orddanning og ordbøying (morfologi), setningsbygging (syntaks) og meiningslære (semantikk).
Du lærer å nytte språkvitskapleg kunnskap og forsking, og du får innsyn i etiske problemstillingar innan språkvitskapen.
Du får lære korleis du kan beskrive ulike språk, og lære eit språk som står fjernt frå norsk. Du får òg ei innføring i korleis språk kan analyserast automatisk.
Studiekvardag
I tillegg til sjølvstudium vil ei typisk veke innehalde forelesingar, seminargrupper, dataprogrammering, eksperiment og praktiske øvingar. Undervisninga og litteraturen er på både engelsk og norsk. Det er om lag 12-14 timar undervisning og øvingar i veka.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
PÃ¥ dette studiet kan du fÃ¥ god og personleg kontakt med fagmiljøa. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Språkvitskap gir eit godt grunnlag for å arbeide med språk. Å kunne jobbe systematisk og få innsikt i strukturar og reglar er kompetanse som mange arbeidsgjevarar treng. I ei fleirkulturell verd er det stort behov for blant anna omsetting av dokument og språklæring. Kandidatar som har studert språk kan bidra med mykje innan språkteknologi.
Du kan arbeide med språk i undervisning eller på andre felt der språk står sentralt, for eksempel innan:
- forlagsverksemd
- reklame- og informasjonsarbeid
- kommune- eller fylkesforvaltning
- ordbokskriving
- informasjonsanalyse
- terminologisk arbeid
Opptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk
Studiets oppbygging
1. semester
(10 studiepoeng)
Les og skriv (10 studiepoeng)
Examen philosophicum, anten eller (10 studiepoeng)
2. semester
(10 studiepoeng)
(10 studiepoeng)
(10 studiepoeng)
3. semester
(10 studiepoeng)
(10 studiepoeng)
(10 studiepoeng)
4. semester
(15 studiepoeng)
(5 studiepoeng)
Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ (10 studiepoeng)
5. semester
Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (30 studiepoeng) 
6. semester
Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ (20 studiepoeng)
(10 studiepoeng)
Utveksling
Det er lagt til rette for at du skal kunne reise på utveksling til utlandet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Dei fleste vel Ã¥ dra pÃ¥ utveksling nÃ¥r dei skal ta frie emne. ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ har utvekslingsavtalar over heile verda.
Vidare studiemoglegheiter
Avhengig av kva du spesialiserer deg i, kan du etter bachelorprogrammet søke opptak til masterprogram i allmenn lingvistikk eller masterprogram i logopedi.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.