ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Spesialpedagogikk (bachelor)

Vil du lære korleis vi kan legge til rette for barn, unge og vaksne med ulike lærevanskar eller funksjonsnedsettingar? Spesialpedagogikk er for deg som vil bidra til eit meir inkluderande samfunn, og utgjere ein forskjell for barn og unge med særlege behov og føresetnader.

Kva lærer du?

PÃ¥ denne bacheloren fÃ¥r du ei brei og fagleg bakgrunn for Ã¥ kunne legge til rette for menneske med ulike føresetnader for læring og utvikling, inkludert dei som er evnerike og dei med ulike utfordringar eller funksjonsnedsettingar. Du vil lære Ã¥ identifisere styrkar, utfordringar og hindringar i skole og barnehage som kan pÃ¥verke deira deltaking i eit inkluderande fellesskap.  

Viktige spørsmÃ¥l er:  

  • Korleis kan vi inkludere alle barn i barnehagar og skolar, og utvikle eit godt system for  samarbeid mellom heim og utdanningsinstitusjonar?
  • Korleis kan vi legge til rette for tilpassa opplæring for barn og unge med ulike funksjonsnedsettingar?   
  • Korleis kan vi sikre at opplæringsinstitusjonane ivaretar retten til medverknad for barn og unge med særlege behov?   

I tillegg vil du lære om viktigheita av inkludering, tidleg innsats, kartlegging og ulike former for tilpassa opplæring.

Studiekvardag

PÃ¥ studiet vil du oppleve ulike undervisningsformer, som forelesingar, seminar, praktiske øvingar og ekskursjonar. Praksisperiodar er ogsÃ¥ ein viktig del av studiet, der du fÃ¥r ei veke i barnehage og ei veke i grunnskolen for Ã¥ observere kva som kjenneteiknar livet der.  

Den organiserte undervisninga utgjer vanlegvis ein mindre del av den totale studietida i løpet av ei veke. Resten av tida forventar ein at du sjølv tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan være lurt Ã¥ danne studiegrupper der du kan diskutere og samarbeide med medstudentar. 

For Ã¥ gÃ¥ opp til eksamen mÃ¥ du ofte fÃ¥ obligatoriske aktivitetar godkjent. Dette kan inkludere innleveringar, munnlege presentasjonar, gruppearbeid og deltaking i seminar.  

Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Hovudbygget til Det psykologiske fakultet er Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12.

Kva kan du jobbe som?

Ein bachelorgrad i spesialpedagogikk opnar for ulike karrieremoglegheiter innanfor rÃ¥dgjeving og utviklingsarbeid knytt til mellom anna skule og barnehage. Studiet gir deg kompetanse for jobb i bÃ¥de offentlege og private institusjonar, innanfor omrÃ¥de der læring og utvikling hos barn, ungdom og vaksne med særlege behov er viktig, for eksempel i: 

  • ´Ç±è±è±ôæ°ù¾±²Ô²µ²õ²õ±ð°ì³Ù´Ç°ù±ð²Ô
  • kriminal- og rusomsorga  
  • helse- og sosialsektoren
  • arbeidsinkludering
  • kultursektoren  
  • velferdsforvaltninga
  • fylkes- og kommunesektoren 

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 49.5
Primær kvote: 44.4

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Dette er eit treÃ¥rig fulltidsstudium. Graden er bygd opp av 180 studiepoeng som er fordelt pÃ¥ dei tre kategoriane: Innføringsemne (25 studiepoeng), spesialisering (110 studiepoeng) og valfrie emne (45 studiepoeng).   

Dei valfrie emna kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjent høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Du kan, innanfor visse rammar, velje blant alle emne som blir tilbydd pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.  

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet pÃ¥ emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes.  

1. semester:

SPED100 - Innføring i spesialpedagogikk (15 studiepoeng)

PED112 - Pedagogiske perspektiv på læring (15 studiepoeng)

2. semester:

SPED103 - Samarbeid rundt funksjonshindra born og unge (10 studiepoeng)

Examen Philosophicum  (10 studiepoeng, /)

PSYK121 - Kognitiv- og utviklingspsykologi (10 studiepoeng)

3. semester:

SPED102 - Observasjon, kartlegging og tiltak i barnehagen (15 studiepoeng)

Valfrie emne (tilrådd emne PED115 Skulens læringsmiljø, 15 studiepoeng)

4. semester:

PED210 - Vitskapelege metodar (15 studiepoeng)

SPED201 - SprÃ¥k, lesing og skriving – utvikling , vanskar og tiltak (15 studiepoeng) 

5. semester:

Utanlandsopphald eller valemne (30 stp)

6. semester:

SPED200 - Profesjonstenking - lovverk og etikk i teori og praksis (15 studiepoeng)

SPED250 - Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 studiepoeng)

Utveksling

Det er forventa og fagleg anbefalt at du reiser pÃ¥ utveksling i ditt femte semester og tar ein del av dei valfrie studiepoenga i utlandet. Utveksling gir deg nye perspektiv og erfaringar frÃ¥ ein annan kultur og eit anna studiemiljø. Internasjonal erfaring vert høgt verdsett av stadig fleire arbeidsgjevarar.  

.

 

Vidare studiemoglegheiter

Med bachelorgraden i spesialpedagogikk er du også kvalifisert til å søke deg videre til ulike masterprogram ved Det psykologiske fakultet, som:

Spesialpedagogikk
Pedagogikk
Pedagogikk deltid (nettbasert)
Logopedi
Helsefremmande arbeid og helsepsykologi
Barnevernsarbeid (krev minst eit års relevant yrkeserfaring, sjå opptakskrav for nærmare beskriving)

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i spesialpedagogikk