ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Spansk språk og latinamerikastudium (master)

På masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium kan du fordjupe deg i det spanske språket og i latinamerikansk litteratur, og studere dei historiske prosessane som har forma dagens komplekse Latin-Amerika.

Kva lærer du?

Noreg har mange interesser i Latin-Amerika gjennom investeringar, menneskerettsarbeid og arbeid for demokratiseringsprosessar. I programmet drøftar vi viktige spørsmål som for eksempel:

  • Korleis kan historiske prosessar forklare dagens komplekse Latin-Amerika?
  • PÃ¥ kva mÃ¥te blir mangfaldet av folkegrupper pÃ¥ kontinentet reflektert i sprÃ¥k, kultur og samfunn?
  • Kva er stoda til det spanske sprÃ¥ket i verda i dag?

Du fÃ¥r kunnskap om det spanske sprÃ¥ket og om litteratur og historie i Latin-Amerika og utviklar analytiske og metodiske evner i desse tre fagdisiplinane.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt om eit tema du vel innan spansk lingvistikk, latinamerikansk litteratur eller latinamerikansk historie . Det kan også vere mogeleg å skrive masteroppgåve i fagdidaktikk. Du skriv masteroppgåva på spansk, og det kan vere aktuelt å reise på feltarbeid for å samle inn data.

Studiekvardag

Som masterstudent ved Institutt for framandspråk blir du ønskt velkomen i eit internasjonalt og pulserande miljø. Du kan søke om din eigen lesesalsplass saman med dei andre masterstudentane på instituttet. Undervisninga skjer gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid og individuell rettleiing. Masterstudentane deltar på ein heildagskonferanse i slutten av andre semester. Etter dette tar ein til med arbeidet med masteroppgåva.

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Kva kan du jobbe som?

Med mastergrad i spansk språk og latinamerikastudium kan du få jobbar i både privat og offentleg sektor.

VÃ¥re tidlegare studentar jobbar innan

  • omsetting, media og forlagsverksemd
  • ²Ôæ°ù¾±²Ô²µ²õ±ô¾±±¹±ð³Ù
  • offentlege institusjonar
  • kulturlivet
  • undervisning
  • humanitære organisasjonar – bÃ¥de i utlandet og i Noreg  
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk, engelsk og spansk

Masterprogrammet undervisast på spansk.

Studiets oppbygging

Eit masterprogram i spansk kan sjå slik ut:

1. semester 

(10 studiepoeng)  

(10 studiepoeng)  

(10 studiepoeng)  

2. semester 

(10 studiepoeng)  

(20 studiepoeng)  

3. og 4. semester  

(60 studiepoeng)  

Utveksling

Du kan velje Ã¥ ta andre semester som utvekslingsstudent ved eit av partnaruniversiteta vÃ¥re i Mexico, Peru, Argentina, Spania eller Chile. Mange av studentane legg inn eit par mÃ¥naders feltarbeid samtidig som dei jobbar med masteroppgÃ¥va. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, sprÃ¥kleg trening og opplevingar for livet.  

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad kan du halde fram med akademisk forsking ved å ta ei forskarutdanning (ph.d.). Etter du har fått mastergrad kan du søke opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Spansk er eit skolefag, og med ei slik utdanning kan du jobbe som lærar på ungdomsskole og vidaregåande skole.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studieveileder.if@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i spansk og latinamerikastudium