ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Sosiologi (Ã¥rsstudium)

I sosiologistudiet lærer du å analysere korleis menneske blir forma av samfunnet dei lever i, og korleis menneska skaper samfunnet gjennom daglege praksisar og handlingar.

Kva lærer du?

PÃ¥ sosiologistudiet lærer du Ã¥ sjÃ¥ samfunnsforholda frÃ¥ forskjellige synsvinklar og Ã¥ drøfte ulike perspektiv. Ein slik kompetanse er viktig i mange bedrifter pÃ¥ ei rekke samfunnsomrÃ¥de.  

Vi drøftar spørsmål som:

  • Korleis kan vi analysere korleis samfunnsforholda har blitt til og korleis dei blir endra?
  • Korleis kan samfunnsforholda skape sjansar og sette grenser for einskilde menneske enkeltmenneske og gruppene dei høyrer til?  
  • Kolonisering og imperialisme
  • Klasseprosessar og endringar i kvinnene si stilling i samfunnet  
  • Historiske former for industrialisering og kapitalisme  

Studiet passar for deg som er interessert i korleis samfunnet er organisert og endrar seg. Som sosiologistudent vil du få innsikt i levemåtane og levekåra til ulike samfunnsgrupper, og i ulike måtar å løyse samfunnsproblem på.

Studiekvardag

Studiet passar godt for deg som liker Ã¥ arbeide sjølvstendig og legge opp studieveka pÃ¥ eiga hand. Undervisning og litteratur vil vere pÃ¥ norsk og engelsk, og du vil ha om lag 8-10 undervisningstimar i veka.  

Som sosiologistudent vil du halde til pÃ¥ SV-fakultetet pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden i Bergen sentrum. Som student ved SV-fakultetet kan du lese pÃ¥ biblioteket eller bruke lesesalane pÃ¥ Ulrike Pihls hus.  Sosiologisk institutt og Fagutvalet legg godt til rette for at studentane skal føle seg inkludert i studiekvardagen. Fagutvalet arrangerer fleire sosiale aktivitetar som quizkveld, eksamensfrukost pÃ¥ instituttet og eksamensfestar.

Kva kan du jobbe som?

Teori og metodar du lærer gjennom studiet kan du bruke i mange forskjellige jobbar i arbeidslivet, for eksempel innanfor administrativt arbeid, politikk, ideelle organisasjonar eller kommunikasjon.

Årsstudiet med spesialiseringsemne i sosiologi gir deg kompetanse til å undervise i ungdomskolen og vidaregåande skole i samfunnsfaga.

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgjevande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i sosiologi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein mastergrad i sosiologi.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 43.9
Primær kvote: 42.5

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Årsstudium i sosiologi går over to semester og startar i august. Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passar som eit tillegg til tidlegare utdanning, eller om du vil studere i berre eitt år.   

Du vel Ã¥rsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frÃ¥ kva for bakgrunn du har.  

Årsstudium med innføringsemne

Passar for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i sosiologi.

1. semester, haust

SOS100A – Innføring i sosiologi med fordjupingstema (20 studiepoeng)

Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng) 

2. semester, vår

SOS121 – Klassiske sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)

MET103 – Kvalitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 studiepoeng)

Valemne i sosiologi (10 studiepoeng)

 

Ã…rsstudium med spesialiseringsemne

Passer for deg som har studert før og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.

1. semester

SOS122 – Nyare sosiologisk teori (10 studiepoeng)

SOS123 – Det norske samfunn i endring (10 studiepoeng)

MET104 – Kvantitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 studiepoeng)

2. semester

SOS121 – Klassiske sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)

MET103 – Kvalitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 studiepoeng)

Valemne i sosiologi (10 studiepoeng)

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Vidare studiemoglegheiter

Etter årsstudiet kan du ta bachelorgraden i sosiologi, slik at du kan fortsette studiane og søke på masterprogrammet i sosiologi. Da kan du rette masteroppgåva inn mot det yrkesområdet du vil jobbe med. 

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.sos@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Ã…rsstudium i sosiologi

Lenke til video
Lær mer om hvordan det er å være sosiologistudent ved Universitetet i Bergen