ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Samfunnsøkonomi (bachelor)

Samfunnsøkonomi handlar om korleis individ, bedrifter, styresmakter og nasjonar tar og bør ta avgjersler om bruk og fordeling av samfunnets ressursar. Faget gir deg metodar til å forstå og analysere komplekse samfunnsutfordringar.

Kva lærer du?

Med ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi fÃ¥r du 

  • kunnskap om dei grunnleggande metodane for samfunnsøkonomiske analysar
  • kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri
  • kjennskap til struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi
  • bruke teori og empiri til Ã¥ analysere samfunnsøkonomiske problemstillingar 
Studiekvardag

Som bachelorstudent i samfunnsøkonomi blir du del av eit godt studentmiljø. Studiet har ei aktiv studentforeining som sikrar godt samhald mellom studentane, og som jobbar tett med instituttet for Ã¥ sikre eit godt læringsmiljø. 

Bachelorprogrammet er eit studium pÃ¥ fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10 timar med undervisning i form av forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgÃ¥ve om eit sjølvvalt tema. 

Som student på samfunnsøkonomi vil du halde til på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Lesesalplassar og PC-salar for studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er tilgjengelege i Ulrike Pihls hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har også leseplassar og PC-plassar.

Kva kan du jobbe som?

Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver, innan forsking og undervisning, som valutahandlarar eller innan formuesforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenestene.

Innanfor privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industri- og oljeselskapa og i konsulentfirma. 

Tar du ein mastergrad i samfunnsøkonomi, står du enda sterkare på arbeidsmarknaden.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 52.4
Primær kvote: 49.1

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: MATTE4

Generell studiekompetanse i tillegg til gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk, eller bestått anten S1, S2, R1 eller R2.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er eit treÃ¥rig fulltidsstudium, som startar i august. Slik er studiet lagt opp: 

1. semester

ECON100 â€“ Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)

ECON140 â€“ Matematikk for økonomer (10 studiepoeng)

Valemne innan samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)

2. semester

ECON110 â€“ Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)

·¡°ä°¿±·130&²Ô²ú²õ±è;–&²Ô²ú²õ±è;²Ñ²¹°ì°ù´Çø°ì´Ç²Ô´Ç³¾¾± (10 studiepoeng)

ECON240 – Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

3. semester

ECON210 – Videregåande mikroøkonomi (10 studiepoeng)

ECON230 â€“ Makroøkonomi II (10 studiepoeng)

ECON244 â€“ Anvendt økonometri (10 studiepoeng)

4. semester

Utveksling/ frie studiepoeng (30 studiepoeng)

5. semester

Frie studiepoeng (20 studiepoeng)

Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng) 

6. semester

ECON290A – BacheloroppgÃ¥ve (10 studiepoeng)

Ett valemne innan samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)

Frie studiepoeng (10 studiepoeng)

Heile bachelorgraden er pÃ¥ til saman 180 studiepoeng. Av desse er 100 studiepoeng spesialisering i samfunnsøkonomi, og 60 studiepoeng er sÃ¥kalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frÃ¥ interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. eller dra pÃ¥ utveksling i utlandet. Tema for bacheloroppgÃ¥va er valfritt. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din. 

For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to anbefalte fagprofilar:  

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler å reise ut i fjerde semester. Du kan reise til USA, Storbritannia, Frankrike, Spania, mfl. Reiser du på utveksling eit heilt år, kan du ta ex.phil. i første semester og valemne innan samfunnsøkonomi på utveksling.

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorgraden kan du bygge pÃ¥ med ein mastergrad i samfunnsøkonomi ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´, som vil gjere at du vil stÃ¥ sterkt pÃ¥ arbeidsmarknaden. Du kan ogsÃ¥ søke opptak pÃ¥ eit masterstudium i utlandet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 92 00
E-post: studieveileder.econ@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i samfunnsøkonomi

Lenke til video