ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Studieplan for PSYKSOKO Sosial- og kognitiv psykologi, vår 2026

MÃ¥l og innhald

Studieretninga har 18 plassar.

Studieretninga gjer kandidatane ei grundig forståing av dei prosesser og mekanismar som formar vår åtferd, som enkeltindivid og i grupper. Kandidatane får ekspertkunnskap frå psykologisk vitskap basert på bruksretta forsking. Slik kunnskap vil la oss handtera sentrale utfordringar i samfunnet knytt til kulturmøter, konflikt, klimaendringar, berekraft, sikkerheit og beredskap. På studieretninga vert det undervist og forska på tema som integrering og mangfald i samfunn og arbeidsliv, tryggleik og risikovurderingar i arbeid og fritid, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, HMS, feilhandlingar og pålitelegheit, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. I alle fire semestra deltekt studentane aktivt i forsking, og det leggjast opp til å gjennomføre ei masteroppgåve med egen datainnsamling.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù±ð

En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgande totale læringsutbytte:

Kunnskap:

Kandidaten har:

  • inngÃ¥ande kunnskap om psykologifaget sine vitskaplege tema, teoriar, omgrep, metodar og funn innan psykologisk vitskap
  • inngÃ¥ande kunnskap om fagetiske problemstillingar knytt til psykologisk vitskap
  • kunnskap om korleis forsking innan psykologisk vitskap kan nyttast i arbeidsliv og samfunnsliv

Dugleik:

Kandidaten kan:

  • nytte sine kunnskapar og evner pÃ¥ nye omrÃ¥de for Ã¥ gjennomføre prosjekt og oppgÃ¥veløysingar innanfor fordjupingsomrÃ¥det
  • analysere eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar og arbeide sjølvstendig med teoretisk og praktisk problemløysing innanfor fordjupingsomrÃ¥det
  • nytte psykologisk vitskap til Ã¥ identifisere utfordringar for enkeltpersonar, grupper, lag eller organisasjonar som skal løyse komplekse arbeidsoppgÃ¥ver og bidra med vitskapelege metodar som kan løyse slike utfordringar
  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt som er i trÃ¥d med gjeldande forskingsetiske normer og reglar

Generell kompetanse:

Kandidaten kan:

  • tileigne seg ny forskingsbasert kompetanse for Ã¥ utvikle eigne kunnskapar og evner i psykologi
  • identifisere og utvikle relevante psykologiske problemstillingar og forskingsprosjekt
  • vurdere kvalitet og relevans av eksisterande psykologisk forsking
  • reflektere over og drøfte etiske, faglege og praktiske aspekt i si framtidige yrkesrolle

Opptakskrav

Opptakskrava til Master i psykologi, studieretning sosial- og kognitiv psykologi

  • Bachelorgrad i psykologi eller tilsvarande (inkludert cand. mag.-grad)
  • Spesialisering pÃ¥ 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande
  • C-krav, minimum 3,0 i gjennomsnittskarakter pÃ¥ spesialiseringa
  • Andre faglige krav

    • BacheloroppgÃ¥ve pÃ¥ minst 10 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande fag
  • Det presiseras at me forventar at søkarane har god evne skriftleg og munnleg fremføring og er innstilt pÃ¥ Ã¥ delta aktivt i undervisning og gruppearbeid

³§ÂáÃ¥ for masterprogrammet i psykologi for meir informasjon.

Relevans for arbeidsliv

For relevans for arbeidslivet av "masterprogram i psykologi", .

Med eit fokus på anvendt psykologi gjer denne studieretninga ei spesiell kompetanse inn mot ulike konkrete arbeidsfelt, ut over det ein får med ein overordna master i psykologi. Særskilt gjer fordjupningsemna relevant fagkunnskap innan arbeidsfelt som integrering og kulturmøter, risikovurdering, klimaendringar og berekraft, sikkerheit og beredskap, og individuelle forskjellar. Studiet gjer også eit godt utgangspunkt for vidare forsking innan desse eller andre emner innan fagfeltet sosial- og kognitiv psykologi.

Kandidatane vil vere godt kvalifiserte til å arbeide både i offentlige og privat sektor, til dømes innan akademia, offentleg forvaltning, helseføretak, skuleverk, så vel som i privat sektor.

På grunn av valfridom innan enkeltemne, i tema for masteroppgåva og i eventuelle valfrie kurs i utlandet har den enkelte kandidat god anledning til byggje ein fagleg profil i graden som passar til deira faglege interesser og framtidsplanar.