ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Praktisk-pedagogisk utdanning - PPU (Ã¥rsstudium)

Vil du vere den personen som utgjer ein forskjell for barn og unge? PPU er eit yrkesretta og praksisbasert studium for deg som har fullført ein mastergrad og vil utdanne deg til å bli lærar. Med PPU blir du lektor og kan undervise frå 5. til 13. trinn i skulen.

Kva lærer du?

PPU er ein eittÃ¥rig lærarutdanning som bestÃ¥r av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen. 

Det viktigaste du lærer er Ã¥ undervise, Ã¥ ivareta elevane og Ã¥ sjÃ¥ og verdsetje kvar og ein av dei. Med denne utdanninga fÃ¥r du blant anna: 

  • kunnskap om korleis du leier og legg til rette for god fagleg og sosial læring
  • kunnskap om korleis du planlegg, gjennomfører og reflekterer over undervisning basert pÃ¥ forsking og erfaring
  • lære om korleis du bygger gode relasjonar til elevar og føresette, og Ã¥ samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket
  • kunnskap om korleis vi kan ivareta mangfaldet i skolen og i den enkelte elevgruppa 
Studiekvardag

PPU er eit fulltidsbasert campusstudium. Studiet kan ikkje takast som fjernstudium, da mykje av undervisninga legg opp til obligatorisk oppmøte. I pedagogikkemna har du vanlegvis to seminar og to forelesingar i veka, utanom praksisperiodane. Seminara er obligatoriske. I fagdidaktikkemna vil arbeids- og undervisningsformene variere etter kva emne du tar. Her vil ogsÃ¥ omfanget av obligatorisk undervisning variere. 

Du har 30 dagar obligatorisk praksisopplæring ved ein skole begge semestera, vanlegvis bÃ¥de pÃ¥ ungdomstrinnet og i vidaregÃ¥ande skole. Du fÃ¥r tildelt praksisplass. 

Denne utdanninga er utfordrande og arbeidskrevjande, men samtidig veldig lærerik. Gjennom undervisninga, oppgÃ¥vearbeid og praksis blir du godt kjent med medstudentane dine. Du fÃ¥r tett oppfølging av engasjerte fagpersonar, bÃ¥de i undervisninga og i praksisopplæringa. 

Kva kan du jobbe som?

Med fullført PPU er du kvalifisert til Ã¥ undervise frÃ¥ 5. til 13. trinn i skulen. Studiet er særleg retta mot arbeid i ungdomsskulen og vidaregÃ¥ande opplæring, inkludert vaksenopplæringa.  

Det er eit stort behov for kvalifiserte lærarar i norsk skole. Yrket gir jobbmoglegheiter over heile landet.

Utdanninga opnar òg for andre yrkesvegar der kombinasjonen av formidlingskompetanse og pedagogisk kompetanse er attraktiv. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

For opptak krev ein følgjande:
- Fullført mastergrad
eller
- Fullført bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen. Dette unntaket frå krav om mastergrad gjeld til og med opptaket hausten 2029.

I tillegg må søkar ha:
- Fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ tilbyr fagdidaktikk i
- Minimum 60 studiepoeng i det enkelte faget
- Eit karaktersnitt på minst C (2,5) i faget/faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karakersnittet blir rekna ut på grunnlag av det 60 studiepoenga som gir opptak
-

Her finn du utfyllande informasjon om og .

Vi gjer merksam på at studiet startar måndag i veke 33 og at oppmøte første veka er obligatorisk.

Ved opptak til studiet må du legge fram politiattest.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

PPU er eit eittårig fulltidsstudium på 60 studiepoeng som inneheld pedagogikk, fagdidaktikk og praksis i skulen.

1. semester 

(15 studiepoeng) 

Fagdidaktikk (15 studiepoeng)  

2. semester    

(15 studiepoeng) 

Fagdidaktikk (15 studiepoeng) 

 

Utveksling

Det er ikkje mogleg Ã¥ reise pÃ¥ utveksling pÃ¥ denne utdanninga. 

Vidare studiemoglegheiter

Etter å ha fullført praktisk-pedagogisk utdanning kan du bygge på og få undervisningskompetanse i andre fag. Det finst òg moglegheiter for etter- og vidareutdanning, blant anna innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Praktisk-pedagogisk utdanning