ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Pedagogikk - heltid (master)

I dag er pedagogisk kunnskap meir relevant enn nokon gong. Med ein mastergrad i pedagogikk får du brei kunnskap om korleis menneske lærer og kommuniserer, korleis kunnskap vert utvikla, og kva betydning utdanning har for samfunnet. Studiet har opptak annankvart år i oddetalsår (2025, 2027 osv).

Kva lærer du?

Ønsker du deg høg kompetanse innan mellom anna kunnskapsutvikling og læringsprosessar? PÃ¥ studiet kan du fordjupe deg i eit valt omrÃ¥de og drive eiga forsking innan pedagogikk. Du vil utforske samanhengen mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogisk praksis. Vidare lærer du korleis du vurderer, analyserer, og kritisk refleksjon til pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning og organisasjonar. 

PÃ¥ masterstudiet vil du utforske spørsmÃ¥l som: 

  • Kva er utdanninga si oppgÃ¥ve i samfunnet?
  • Korleis kan pedagogisk forsking bidra til betre praksis?
  • Korleis kan pedagogisk filosofi belyse aktuelle pedagogiske samfunnsutfordringar? 

Etter fullført mastergrad har du moglegheita til Ã¥ nyttiggjere pedagogisk kunnskap pÃ¥ nye omrÃ¥de der pedagogikk er relevant. Du vil kunne formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar pÃ¥ ein effektiv mÃ¥te. 

Studiekvardag

Eit særpreg ved dette masterstudiet er at undervisninga er prosessorientert. Vi legg stor vekt pÃ¥ dialogbasert undervisning og inkluderer skriveopplæring som ein integrert del av studia. Alle undervisnings- og arbeidsformer er designet for Ã¥ førebu deg pÃ¥ eksamensformene i studiet. Dei to første semestera skal førebu deg pÃ¥ skrivearbeidet i masteroppgÃ¥va. 

Studiet inkluderer: 

  • forelesingar  
  • seminargrupper  
  • skriving av faglege tekstar (med fokus pÃ¥ skriveprosessen og tilbakemelding)
  • sjølvstudium   
  • arbeid med masteroppgÃ¥ve  

Den planlagde undervisninga utgjer vanlegvis ein mindre del av den totale studietida i løpet av ei veke. Resten av tida forventar ein at du sjølv tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan være lurt å danne studiegrupper der du kan diskutere og samarbeide med medstudentane dine. Du kan òg velje å vere med i ei forskargruppe.

Kva kan du jobbe som?

Ein mastergrad i pedagogikk gir deg ein allsidig bakgrunn og kompetanse som kvalifiserer til mange ulike stillingar i bÃ¥de privat og offentleg sektor. Med ein master i pedagogikk er du kvalifisert for ei rekke stillingar innanfor kommunen, staten, frivillige organisasjonar eller bedrifter, for eksempel som  

  • °ùÃ¥»å²µÂá±ð±¹²¹°ù
  • prosjektleiar
  • konsulent 

Tidlegare studentar med mastergrad i pedagogikk har for eksempel jobb innanfor:  

  • administrasjon ved universitet/høgskole
  • studie/karriererettleiingetter- og vidareutdanning
  • personal- og opplæringsavdeling 

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Dette studieprogrammet har kun oppstart annankvar haust i oddetalsår.
Snitt 2025: 2,71

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Dette er eit toÃ¥rig fulltidsstudium med oppstart annankvar haust i oddetalsÃ¥r. Graden er bygd opp av 120 studiepoeng og alle emna er obligatoriske i graden.  

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet.

1. semester 

PED311 - Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng)  

PED313 - Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 studiepoeng)  

2. semester 

PED312 - Forskingsmetode (15 studiepoeng)  

PED314 - Fordjuping og prosjektplan (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester 

PED395 - MasteroppgÃ¥ve i pedagogikk (60 studiepoeng) 

Utveksling

Det er ikkje mogleg Ã¥ reise pÃ¥ utveksling i løpet av dette studiet. 

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i pedagogikk får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kvalifiserar til vidare ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i pedagogikk