ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Norrøn filologi (master)

Frå den tidlege vikingtida til slutten av mellomalderen delte Noreg, Island og Vesterhavsøyane éin språkleg og litterær kultur. Norrøn filologi er studiet av dette språket, dei skriftlege kjeldene og kulturen dei spring ut av.

Kva lærer du?

På masterprogrammet i norrøn filologi lærer du å arbeide med tekstar på ein grundig måte og ta kritisk stilling til historiske kjelder og tolkingar. Du får spisskompetanse for å arbeide med dei norrøne kjeldene i original språkform. Samtidig kan du spesialisere deg på fleire område: Det kan mellom anna vere runeinnskrifter frå vikingtida, pergamenthandskrifter frå mellomalderen eller yngre islandske papirhandskrifter. Norrøne masteremne kan også forske på bruken av mellomalder i moderne media, for eksempel i romanar, film eller dataspel.

Du får

  • god kunnskap om norrøne kjelder
  • overblikk over dei viktigaste hjelpemidla til faget og lære Ã¥ bruke dei sjølvstendig
  • brei, generell kunnskap om sentrale teoriar, terminologi og metodar innanfor norrøn filologi
  • evne til Ã¥ kritisk vurdere tolkingar innanfor ditt eige fagomrÃ¥de
  • evne til Ã¥ planlegge og fullføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt   
Studiekvardag

Masterprogrammet i norrøn filologi er eit fulltidsstudium. I det norrøne fagmiljøet er det god kontakt mellom studentar og tilsette, du kan komme pÃ¥ møte i relevante forskargrupper og delta pÃ¥ konferansar, ekskursjonar og i andre forskings- og formidlingsaktivitetar. Miljøet har veldig god kontakt bÃ¥de med samlingar og museum i byen, sterke internasjonale nettverk og arrangerer ein internasjonal konferanse for master- og ph.d.-studentar i norrøn filologi. 

Faget inngÃ¥r i det større, tverrfaglege forskingsfeltet Medieval Studies. Som masterstudent i norrøn filologi er difor Mellomalderklynga i Bergen ein viktig ressurs med mange ekstra tilbod og høve til Ã¥ engasjere seg.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. 

Kva kan du jobbe som?

Samfunnet treng personar som har innsikt i historiske samanhengar. Mellomalderen er ein epoke som var formativ for heile Europa og som fenger stadig nye generasjonar, slik som vi ser i aktuell litteratur, teater, filmar og seriar, dataspel og mange reenactment-grupper, og innan ein aukande kulturturisme.

Miljøet har stort fokus pÃ¥ Ã¥ sette deg i kontakt med mogelege framtidige arbeidsgjevarar. Utdanninga kvalifiserer for eller er relevant for arbeid i  blant anna:

  • bibliotek, arkiv og samlingar
  • forsking og undervisning
  • museum
  • kommune og fylke
  • forlag, tidsskrift og aviser
  • media
  • turisme
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Søknadsfrist: 15. april
Søknadsfrist: 1. november
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Arbeidet med masteroppgÃ¥va (60 studiepoeng) gÃ¥r parallelt med kursdelen (60 studiepoeng) gjennom dei fire semestera. Du planlegg og utfører prosjektet ditt sjølvstendig, med rettleiing frÃ¥ 1-2 forskarar. Det finst mange moglege emne Ã¥ ta av, slik at du fÃ¥r høve til Ã¥ arbeide med noko du verkeleg interesserer deg for.  

1. semester

(15 studiepoeng)  

 (15 studiepoeng)  

2. og 3. semester  

 og , eller utvekslingsopphald (30 studiepoeng)  

Arbeid med masteroppgÃ¥va 

4. semester  

Fullføring av masteroppgÃ¥va (60 studiepoeng)   

Utveksling

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, sprÃ¥kleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ har utvekslingsavtalar over heile verda, og norrøn filologi samarbeider med mange internasjonale universitet. For deg som tar norrøn filologi kan det for eksempel vere interessant Ã¥ reise i 2. eller 3. semester. 

Vidare studiemoglegheiter

Ein mastergrad i norrøn filologi kan kvalifisere for søknad til ph.d.-program.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i norrøn filologi