ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Nordisk (Ã¥rsstudium)

På årsstudium i nordisk lærer du om det norske språket og den norske litteraturen. Du får vite meir om språk, lesemåtar, kulturhistoriske samanhengar og litteraturen sin plass i samfunnet. Dessutan lærer du litt om dansk, svensk, færøysk og islandsk.

Kva lærer du?

Du får kunnskap om nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid. Du lærer om korleis dei nordiske språka har endra seg over tid, om moderne norsk og om ulike språklege fenomen. Du får kunnskap om samanhengen mellom språk og samfunn og ei betre forståing av den rolla språk har i kommunikasjon og tenking. Du får òg lære om korleis måten vi skriv og tenker på har endra seg frå mellomalderen og fram til i dag.

PÃ¥ litteratursida fÃ¥r du kunnskap om dei beste litterære verka som er skrivne pÃ¥ norsk. Du fÃ¥r òg lese litteratur frÃ¥ andre nordiske land. Du fÃ¥r kunnskap om litteraturhistorie, litteraturteori og dei litterære sjangrane. Du fÃ¥r ei betre forstÃ¥ing for korleis litteraturen heng saman med samfunnet elles, der faktorar som mellom anna kjønn og klasse speler inn. I tillegg lærer du korleis ein kan tolke og analysere litterære tekstar.  

Studiekvardag

Ã…rsstudium i nordisk er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium kan ei vanleg veke innehalde bÃ¥de forelesingar og seminarundervisning. Undervisninga er pÃ¥ norsk, mens pensum er pÃ¥ bÃ¥de norsk og engelsk. Det kan òg vere litt undervisning og pensum pÃ¥ dansk og svensk.  

Det vil variere litt frÃ¥ semester til semester kor mange timar undervisning du har. Du vil typisk ha undervisning om lag 16-20 timar i veka. I tillegg kjem sjølvstudium. Om du vil kan du òg danne ei studiegruppe, der du arbeider og løyser oppgÃ¥ver saman med andre.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di.

Kva kan du jobbe som?

Studiet gir grunnlag for betre skriveferdigheit og kompetanse til Ã¥ undervise og Ã¥ arbeide med sprÃ¥klege og litterære emne i andre yrke. Arbeidsgjevarar treng tilsette som skriv gode norske tekstar og tenker strukturert, og som har kunnskap om tekst. Interessa for norsk sprÃ¥k, litteratur og kultur er dessutan aukande i utlandet. Alle bransjar treng tilsette som har god kompetanse i sprÃ¥k. 

Med eit Ã¥rsstudium i nordisk sprÃ¥k og litteratur kan du jobbe for eksempel:   

  • i forlagsarbeid  
  • med journalistikk  
  • med administrasjon  
  • med kulturformidling  
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Studiet inneheld to litterære og tre sprÃ¥klege emne.  

1. semester

NOLI102 - Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 studiepoeng)  

NOSP104 - SprÃ¥ksystem og sprÃ¥kbruk (15 studiepoeng)  

2. semester

NOLI103 - Nordisk: Den eldre litteraturen (15 studiepoeng)

NOSP105 - Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 studiepoeng)

NOSP106 - Nordisk: Den nordiske språkgreina (5 studiepoeng)

Utveksling

Det er ikkje mogleg Ã¥ reise pÃ¥ utveksling pÃ¥ Ã¥rsstudiet i nordisk.  

Vidare studiemoglegheiter

Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur. Årsstudiet i nordisk kan i sin heilskap inngå i bachelorgraden. Med ein bachelorgrad kan du søke deg vidare til masterprogram i nordisk språk og litteratur.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Ã…rsstudium i nordisk