ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Medisinsk teknologi (integrert masterprogram, sivilingeniør)

Du vil lære om ny medisinsk teknologi for å diagnostisere og behandle pasientar. Helsesektoren bruker svært avansert utstyr og teknologien er i ei rivande utvikling. Det er stort behov for høgt utdanna medarbeidarar som kan handtere sofistikert utstyr og drive teknologisk utvikling.

Kva lærer du?

PÃ¥ dette studiet tileignar du deg unike ferdigheiter frÃ¥ begge verder, noko som rustar deg til Ã¥ forme framtidas helsevesen. 

PÃ¥ masterprogrammet i medisinsk teknologi spør vi:  

  • Korleis stille presise diagnosar ved kjemisk analyse av kroppsvæsker?
  • Korleis utvikle legemiddel ved bruk av ny teknologi?
  • Korleis fjerne kreftsvulstar raskt og skÃ¥nsamt ved hjelp av strÃ¥leterapi?  
  • Korleis fÃ¥ best mogleg bilete for diagnostisk bruk ved hjelp av PET og MRI?  

Som ferdig utdanna kan du   

  • utvikle teknologi og metodar som vert brukt i fagfeltet
  • planlegge eksperiment og gjere kvantitative berekningar og analysar av store datamengder relatert til medisinsk diagnose og behandling 
  • beskrive og bruke teknologi som er viktig innan medisinsk og tilgrensande fagomrÃ¥de  

Studieløpet gir deg tverrfagleg kompetanse samtidig som du får moglegheit til å spesialisere deg.

Studiekvardag

Hos oss  vil du oppleve eit godt studentmiljø og få tett oppfølging.  

I løpet av ei typisk veke vil du ha 20-25 timar med forelesingar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg gjennomfører du praksisperiode og sjølvstendig arbeid. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.     

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen. Undervisninga vil i hovudsak bli gjennomført i Realfagsbygget. Der finn du blant anna læringssenter, bibliotek og lesesalar.

Kva kan du jobbe som?

Sivilingeniør i medisinsk teknologi ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ gir deg kompetanse innan fysikk, matematikk, informatikk og medisin. Dette gjer deg kvalifisert til mange stillingar innan medisinsk teknologi, for eksempel som medisinsk ingeniør, forskar, IKT-rÃ¥dgjevar eller konsulent. 

Jobbmarknaden for medisinske teknologar er god, og etterspørselen etter kvalifiserte fagfolk er stor. Med denne utdanninga har du gode moglegheiter for å få jobb i både private og offentlege helseverksemder, både i Noreg og i utlandet.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 58.5
Primær kvote: 54.6

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: SIVING

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:

  • BestÃ¥tt 1-Ã¥rig forkurs for 3-Ã¥rig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
  • BestÃ¥tt 1-Ã¥rig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
  • BestÃ¥tt 2-Ã¥rig teknisk fagskule (rammeplan frÃ¥ 1998/99 eller tidlegare)

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Dette integrerte masterstudiet er eit studium på fulltid. 

Studiet varer i fem Ã¥r, altsÃ¥ 10 semester. I kvart semester tar du tre emne. PÃ¥ dei tre første semestera har alle studentane pÃ¥ programmet dei same emna, og i fjerde semester kan du velje Ã¥ fordjupe deg i kjemi eller fysikk. 

Det siste Ã¥ret av utdanninga skal du skrive masteroppgÃ¥ve. Du vil fÃ¥ tett fagleg rettleiing, og det er gode moglegheiter for Ã¥ gjennomføre masterprosjektet i samarbeid med ei bedrift. Dette er eit større sjølvstendig vitskapleg arbeid som det tar eitt Ã¥r Ã¥ gjennomføre. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester (haust):   

KJEM110 - Kjemi og energi (10 studiepoeng) 

MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) 

MTEK100 - Innføring i medisinsk teknologi (10 studiepoeng) 

2. semester (vÃ¥r):  

INF100 - Programmering I (10 studiepoeng) 

PHYS111 - Mekanikk 1 (10 studiepoeng) 

MAT121 - Lineær algebra (10 studiepoeng) 

3. semester (haust):  

INF161 - Innføring i data science (10 studiepoeng) 

PHYS112 - Elektromagnetisme I (10 studiepoeng) 

BMEDFYS - Menneskets fysiologi (10 studiepoeng) 

 4. semester (vÃ¥r):  

MAT102 - Brukarkurs i matematikk II (10 studiepoeng) eller 
MAT112 - Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng) 

MTEK200 - Praksisutplassering i Medisinsk Teknologi (10 studiepoeng) eller Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng) 

Vel studieretning (fordjuping) 

KJEM130 - Kjemispesialisering: Organisk kjemi (10 studiepoeng) 

PHYS114 - Fysikkspesialisering: Grunnleggande mÃ¥levitskap og eksperimentalfysikk (10 studiepoeng) 

 5. semester (haust):  

KJEM225 - Planlegging av eksperiment og analyse av fleirvariable data (10 studiepoeng) eller STAT110 - Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng) 

MTEK200 - Praksisutplassering i Medisinsk Teknologi (10 studiepoeng) eller Examen philosophicum (10 studiepoeng) 

KJEM124 - Kjemispesialisering: Kjemisk syntese og analyse (10 studiepoeng) 

PHYS119 - Fysikkspesialisering: Moderne fysikk II (10 studiepoeng) 

 6. semester (vÃ¥r):  

INNOV201 - Innovasjon ved designtenkning (10 studiepoeng) 

KJEM250 - Kjemispesialisering: Analytisk kjemi (10 studiepoeng) og 
KJEM260 - Radiokjemi og radioaktivitet (10 studiepoeng)  

PHYS212 - Fysikkspesialisering: Fysikk i medisinsk diagnostikk (10 studiepoeng) og PHYS231 - StrÃ¥lingsfysikk (10 studiepoeng) 

 7. semester (haust):  

INF264 - Innføring i maskinlæring (10 studiepoeng) 

HTEK201 - MÃ¥leteknologi (10 studiepoeng)  

MTEK330 - Kjemispesialisering: Kvalitetssikring av kjemiske analysar (10 studiepoeng) eller 
KJEM231 - VidaregÃ¥ande organisk kjemi (10 studiepoeng) 

PHYS213 - Fysikkspesialisering: Medisinsk fysikk i strÃ¥leterapi (10 studiepoeng) 

 8. semester (vÃ¥r):  

MTEK399 - Masteroppgåve

Valemne (20 studiepoeng) 

 9. semester (haust):  

MTEK399 - Masteroppgåve

MTEK320 - Kjemispesialisering: Flow kjemi og teknologi (10 studiepoeng) 

HTEK202 - Fysikkspesialisering: Laboratoriekurs i mÃ¥leteknologi og instrumentering (10 studiepoeng) 

10. semester (vÃ¥r):  

MTEK399 - Masteroppgåve

Utveksling

Du kan reise på utveksling i sjette, sjuande eller åttande semester og studere ved ei rekke utdanningsinstitusjonar som Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har utvekslingsavtalar med.

Vidare studiemoglegheiter

Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 90 10
E-post: mtek@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i medisinsk teknologi (sivilingeniør)