ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Litteraturvitskap (bachelor)

Litteraturvitskap er eit studium for alle som liker å lese, men særleg for dei som liker å tenke over og diskutere med andre det dei les. Studiet tar deg med på ei reise i bøkene si verd – ei reise som går på kryss og tvers i historia og i geografien, med litteratur frå fleire land og tider.

Kva lærer du?

Her studerer vi både klassiske verk og moderne forfattarar. Du lærer om litterær analyse, tolking, litteraturhistorie og litteraturteori. Du les mykje sterk litteratur frå heile den vestlege tradisjonen, og lærer å få eit analytisk og kritisk blikk på denne.

Nokre av dei sentrale spørsmåla i studiet er:

  • Kva er litteratur, og kvifor forandrar han seg?
  • Kvifor er sÃ¥ fÃ¥ litterære meisterverk skrivne av kvinner?
  • Kva las ein før romanen oppstod?   

Med fullført bachelorgrad i litteraturvitskap kjenner du til ulike funksjonar og roller som litteraturen har hatt i samfunnet, og kan reflektere over og arbeide sjølvstendig med litteraturvitskaplege problemstillingar. Du kan òg arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet munnleg og skriftleg.

Studiekvardag

Bachelorprogrammet i allmenn litteraturvitskap er eit fulltidsstudium. Ei typisk veke vil innehalde forelesingar, seminar og gruppearbeid i tillegg til sjølvstudium. Det vil variere litt frÃ¥ semester til semester kor mange timar undervisning du har. I starten kan du delta i organisert undervisning nesten dagleg. Etter kvart blir det meir tid til sjølvstudium.   

Som student hos oss vil det meste av undervisninga gÃ¥ føre seg pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus.  

Hos oss blir du del av eit godt studiemiljø. Litteraturstudentane er kjent for å være engasjerte debattantar. Dei tar med seg studia sine frå forelesingssalen til diskusjonar med forelesar i gangane, medstudentar i kantina og rundt salongborda på studentkaféen Ad fontes, Litteraturhuset i Bergen og debattsider i aviser.

Kva kan du jobbe som?

Dei som utdannar seg innanfor litteraturvitskap får eit godt grunnlag for å kunne handtere store mengder tekst og trekke ut dei viktigaste aspekta ved tekstane, uavhengig av sjanger. Denne utdanninga er interessant for arbeidsgjevarar som treng folk som kan skrive strukturert, redigere tekst og formidle god litteratur.

Med ein bachelorgrad i litteraturvitskap kan det være aktuelt å jobbe

  • i bok- og forlagsbransjen
  • som saksbehandlar eller rÃ¥dgjevar i kommunen eller fylket
  • som sprÃ¥k- og tekstkonsulent
  • som sals- og marknadskonsulent
  • i bibliotek
  • som informasjonsmedarbeidar
  • med undervisning
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk

Undervisninga og pensumlitteraturen er på både norsk og engelsk. I tillegg anbefaler vi at du som kan lese skjønnlitterære verk på originalspråk som ikkje er norsk eller engelsk, gjer det.

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i litteraturvitskap er eit treÃ¥rig studium som startar i august.  

1. semester

(10 studiepoeng)   

Examen philosophicum, anten eller  (10 studiepoeng)  

 eller LES100 - Les og skriv (10 studiepoeng)   

2. semester 

(15 studiepoeng)  

(15 studiepoeng)   

3. semester 

(15 studiepoeng)   

 (15 studiepoeng)

4.-5. semester 

Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (60 studiepoeng)  

6. semester 

 (30 studiepoeng)

Utveksling

PÃ¥ dette programmet er det lagt til rette for utveksling, og du kan reise til nesten heile verda. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, sprÃ¥kleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.  

For deg som tar litteraturvitskap er det nyttig  Ã¥ lære eit framandsprÃ¥k for Ã¥ kunne lese verk pÃ¥ originalsprÃ¥k som ikkje er norsk.

Vidare studiemoglegheiter

Du kan søke opptak til masterprogram i allmenn litteraturvitskap ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Med ein mastergrad kan du kvalifisere for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning pÃ¥ høgare nivÃ¥.

Noen går òg vidare med andre studium eller syslar for å bli forfattarar. Studium innan allmenn litteraturvitskap kan vere eit godt utgangspunkt for dette.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i litteraturvitskap