ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Lektor i historie eller religionsvitskap (integrert master)

Med denne lektorutdanninga kan du bli den læraren som får elevane til å forstå religiøsitet på tvers av kulturar, og som ser fortid, notid og framtid i samanheng. Kven er vi? Kor kjem vi frå? Kvifor ser samfunnet ut som det gjer?

Kva lærer du?

Som lektor kan du undervise på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen. Lektorutdanninga gir deg den faglege tyngda du treng, og praksiserfaring i skolen allereie frå første semester.

Studiet gir deg grunnlag for Ã¥ undervise i to fag. Du tar master i enten historie eller religionsvitskap. Undervisning i desse faga gir innsikt i menneska sine liv frÃ¥ tidlege tider og fram til i dag. Historie er faget om fortida til menneska og samhandling og konflikt i ulike samfunn frÃ¥ antikken til i dag. Religionsvitskap er studiet av korleis religiøse forestillingar og handlingar har prega og pregar menneska som individ og samfunn.  

Det andre faget du vel, kan vere enten tysk, fransk, spansk, engelsk, nordisk, religionsvitskap, historie, sosiologi eller politikk og forvaltning. Studiet inneheld pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi underviser fag) og praksis i skole

Studiekvardag

I studiet vil du saman med andre lektorstudentar møte faga dine som skolefag gjennom teori og praksis. Du vil òg møte faga som forskingsdisiplinar saman med studentar på andre program. Praksisperiodane er obligatoriske og fordelt gjennom studiet. Då får du undervise i skolen og lære ulike måtar å formidle fagkunnskap på. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve. Her får du moglegheit til å forske sjølv og fordjupe deg innanfor eitt tema.

Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet.

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. Her finn du òg samlingsrommet «Lektors kontor», der lektorstudentane kan øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper.

Kva kan du jobbe som?

Lektorutdanninga gjer deg først og fremst kvalifisert til jobb som lærar i den vidaregÃ¥ande skolen eller i ungdomsskolen. Det er stort behov for lektorar i skolen, og lektorar frÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ er kjend for Ã¥ ha fagleg tyngde og forskingskompetanse. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag. 

Utdanninga opnar òg for jobb utanfor skolen, med for eksempel formidling, forsking, kommunikasjon og leiing.   

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: LÆRALT

Det er to alternative måter å dekke opptakskravet på.

Du må enten dokumentere:

  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i norsk (393 timer) og
  • gjennomsnittskarakter 4 eller bedre i matematikk (224 timer) og
  • minst 35 skolepoeng

eller

  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i norsk (393 timer) og
  • gjennomsnittskarakter 3 eller bedre i matematikk (224 timer) og
  • minst 40 skolepoeng

Du dekker også karakterkravet i matematikk hvis du har bestått ett av følgende programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Ved opptak til studiet må du legge fram politiattest.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Lektorutdanninga gÃ¥r over fem Ã¥r og gir mastergrad. Du studerer to undervisnings- og forskingsfag. Dei fire første Ã¥ra fÃ¥r du undervisning i fagdidaktikk og pedagogikk. Du fÃ¥r òg vere i praksis i skolen dei fire første Ã¥ra. I det femte Ã¥ret skriv du masteroppgÃ¥va.  Studiet er bygd opp slik:   

1. semester 

(10 studiepoeng) 

Pedagogikk (10 studiepoeng) 

Det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (10 studiepoeng) 

Praksis i skolen (10 dagar) 

2. semester 

Det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (30 studiepoeng) 

3. semester 

Det andre undervisningsfaget (20 studiepoeng) 

Fagdidaktikk i det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (10 studiepoeng) 

Praksis i skolen (10 dagar) 

4. semester 

Det andre undervisningsfaget (30 studiepoeng) 

5. semester 

Det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (10 studiepoeng) 

Fagdidaktikk i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng) 

Pedagogikk (10 studiepoeng) 

Praksis i skolen (35 dagar) 

6. semester 

Det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (20 studiepoeng) 

BacheloroppgÃ¥ve i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng) 

7. semester (masternivÃ¥) 

Masteremne i det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (30 studiepoeng) 

8. semester 

Masteremne i det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (20 studiepoeng) 

Fagdidaktikk i det første undervisningsfaget (10 studiepoeng) 

Praksis i skolen (35 dagar) 

9. og 10. semester 

MasteroppgÃ¥ve i det første undervisningsfaget (60 studiepoeng) 

Utveksling

Du kan reise pÃ¥ utveksling i fjerde eller sjette semester. ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ har avtalar med ei rekke universitet i Europa og elles i verda. Eit utvekslingsopphald vil gi deg fagleg, kulturell og sprÃ¥kleg erfaring som du kan bruke i klasserommet. Vi hjelper deg med planlegginga.  

Vidare studiemoglegheiter

Med lektorutdanning har du òg ein mastergrad som kan kvalifisere til søknad på doktorgradsstipend og ph.d.-program. Du kan bygge på utdanninga med eit tredje undervisningsfag ved å ta 60 studiepoeng i eit anna skolefag, slik at du kan undervise i fleire fag. Det finst også ulike moglegheiter for etter- og vidareutdanning, til dømes innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing. 

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 82
E-post: lektor@hf.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitskap