ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Kunsthistorie (bachelor)

På kunsthistorie lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Vi utforskar ulike former for visuelle medium, som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap. Hovedfokus er på den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.

Kva lærer du?

Korleis kan vi bruke kunstverk, fotografiar, arkitektur eller kunsthandverk som inngang til å forstå historia? Korleis kan religiøs kunst fortolkast? Korleis har antikkens kunst og arkitektur prega vestleg kunsthistorie? Kvifor opplever vi symmetri som vakkert? Kva rolle har kunstverk i dagens samfunn, og korleis kan kunstverk endre framtida?

PÃ¥ bachelorprogrammet i kunsthistorie undersøker vi kunstverk og kunsthistoriske problemstillingar gjennom historiske, analytiske, kritiske og teoretiske tilnærmingar. 

Med ein bachelorgrad i kunsthistorie

  • har du god oversikt over vestleg kunst, arkitektur, visuell kultur og teoriar om det visuelle frÃ¥ antikken og fram til i dag
  • kan du formidle sentralt kunsthistorisk fagstoff skriftleg og munnleg
  • har du innsikt i etiske spørsmÃ¥l innan kunsthistorisk forsking, formidling, museumsarbeid, kulturminneforvaltning og i kunstformidlingsintitusjonar
Studiekvardag

Bachelorprogrammet i kunsthistorie er eit fulltidsstudium. Ei veke kan innehalde forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ekskursjonar og sjølvstudium. I mange av emna gÃ¥r vi pÃ¥ museum, kunstutstillingar og pÃ¥ byvandring for Ã¥ utforske faget, i ein av dei aller mest aktive kunstbyane i Noreg. Eit aktivt studentmiljø arrangerer dessutan filmkveldar, lesegrupper og mykje anna.   

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.  

Kva kan du jobbe som?

Kunnskap om kunstens historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie, sÃ¥ vel som evne til god sprÃ¥kleg og munnleg formidling er etterspurt i museum og av etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø. Den er òg etterspurt av etatar som arbeider med byutvikling, og av turistnæringa.  

Det Ã¥ kunne sjÃ¥ kritisk pÃ¥ og reflektere over visuelle medium i historisk perspektiv er nyttig dersom ein driv med marknadsføring og reklame, undervisning  eller kulturforvaltning.

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i kunsthistorie er eit treÃ¥rig studium, som startar i august. Studiet kan sjÃ¥ slik ut:   

1. semester   

Examen philosophicum, anten  eller  (10 studiepoeng)  

LES100 - Les og skriv eller (10 studiepoeng)  

(10 studiepoeng) 

2. semester 

(15 studiepoeng) 

(15 studiepoeng) 

3. semester

(15 studiepoeng) 

(15 studiepoeng) 

4.-5. semester

Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (60 studiepoeng)  

6. semester

  (30 studiepoeng) 

Utveksling

Det er lagt til rette for at du skal kunne reise pÃ¥ utveksling til utlandet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, sprÃ¥kleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Dei fleste vel Ã¥ dra pÃ¥ utveksling nÃ¥r dei skal ta frie emne. 

Vidare studiemoglegheiter

Med ein bachelorgrad i kunsthistorie kan du søke opptak til masterprogram i kunsthistorie, og fordjupe deg meir i faget.  

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i kunsthistorie