Kunsthistorie (Ã¥rsstudium)
Årsstudiet i kunsthistorie passar for deg som har studert før, som er interessert i kunst og visuelle uttrykk. Du lærer om vestleg visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Hovudfokus er på den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 30
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust og vår
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
Kva lærer du?
På studiet diskuterer vi kva for rolle kunsten har i samfunnet, kva forhold kunsten har til politikk og makt, og korleis kunsten kan bli forstått og tolka.
Kunsthistoriefaget stiller spørsmål som:
- Kva rolle har bilete i religion, og på kva grunnlag har ein villa forby dei?
- Er pressefotografiet ei spegling av røynda eller ein konstruksjon?
- Når blir noko kunst: er ikonet i kyrkja kunst, eller blir det kunst først når det heng i galleriet, og kva kan eit urinal seie oss når det blir kunst?
Med eit årsstudium i kunsthistorie
- har du brei kunnskap om sentrale utviklingstrekk innan biletkunst, arkitektur og visuell kultur frå antikken til i dag
- kan du analysere, tolke og drøfte ulike verk i ein kunsthistorisk samanheng, og sjå kva for geografisk tilknyting, datering og opphav ulike kunstverk har
- kan du presentere problemstillingar og argumentere for ulike løysingar både skriftleg, munnleg.
Studiekvardag
Årsstudium i kunsthistorie er eit fulltidsstudium. Ei veke kan innehalde forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ekskursjonar og sjølvstudium. I mange av kursa går vi på museum, kunstutstillingar og på byvandring for å utforske faget, i ein av dei aller mest aktive kunstbyane i Noreg. 
Som student hos oss vil det meste av undervisninga vere pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. Det aktive studentmiljøet pÃ¥ kunsthistorie arrangerer dessutan filmkveldar, lesegrupper og mykje anna. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Kunnskap om kunsten si historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie er etterspurt i museum og etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø, eller med byutvikling.
Turistnæringa treng òg folk med kunst- og kulturkunnskap, så vel som evne til god språkleg og munnleg formidling.
Med årsstudium i kunsthistorie er dette aktuelle bransjar:
- museum
- galleri
- kulturadministrasjonen i kommunen
- journalistikk
- kommunikasjonsarbeid
Kunnskap om visuell kommunikasjon og kunsthistorie er òg viktig i kombinasjon med andre fag dersom du vil arbeide i skolen.
Opptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk
Studiets oppbygging
Du har to emne kvart semester.  
1. semester
(15 studiepoeng)
(15 studiepoeng)
2. semester
(15 studiepoeng)
(15 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudiet i kunsthistorie.
Vidare studiemoglegheiter
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogrammet i kunsthistorie. Årsstudiet i kunsthistorie kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.