ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Kulturvitskap (master)

Masterprogrammet i kulturvitskap handlar om dei kulturelle aspekta ved kvardagslivet før og no. Korleis er kulturen til stades i alt vi gjer – til dømes i seksualiteten, haldninga til kropp, matvanar eller bruken av sosiale medium? Kan kvardagskulturen vere fundamentet for heile samfunnslivet?

Kva lærer du?

Dette studiet gir deg eit grunnlag for å analysere kulturell kompleksitet, endring og stabilitet. Du får oversikt over teoretiske rammeverk og omgrep som kan brukast til å forstå og formidle kultur frå fortida og notida. Gjennom arbeidet med masteroppgåva spesialiserer du deg i eitt bestemt kulturelt fenomen. Du får også kjennskap til forskingsetiske utfordringar i faget.

Med denne utdanninga lærer du 

  • Ã¥ arbeide sjølvstendig og reflektert med Ã¥ formulere, analysere og svare pÃ¥ kulturvitskaplege problemstillingar
  • Ã¥ bruke ulike metodar, frÃ¥ feltarbeid og intervju til analyse av arkivmateriale, museumsutstillingar, mediemateriale, sosiale medium osv.
  • Ã¥ fortolke og reflektere kritisk over konkrete kulturelle fenomen
Studiekvardag

PÃ¥ masterprogrammet i kulturvitskap blir du ein del av eit levande fag som er i rivande utvikling nÃ¥r det gjeld vitskaplege metodar, teoretiske diskusjonar og nye funn. Her fÃ¥r du innblikk i forsking som gÃ¥r føre seg i fagmiljøet, og du fÃ¥r delta i faglege diskusjonar gjennom masterseminar.   

Studentmiljøet er lite og intimt. Du fÃ¥r god fagleg oppfølging og ei tett tilkopling til fagmiljøet.   

Undervisninga bestÃ¥r av forelesingar, seminar og praktiske øvingar, om lag 8-10 timar kvar veke. Litteraturen er pÃ¥ engelsk, norsk og andre skandinaviske sprÃ¥k. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. 

Kva kan du jobbe som?

Med ein master i kulturvitskap får du god øving i analyse og tolking av kjeldemateriale. Du får ei innføring i problemløysing knytt til innsamling, behandling og presentasjon av store mengder materiale. Du vil derfor være særleg kvalifisert til yrke der søk, systematisering, analyse og formidling står sentralt.

Med denne utdanninga kan du for eksempel jobbe som

  • museumskonservator
  • arkivar
  • kulturkonsulent
  • °ì´Ç³¾³¾³Ü²Ô¾±°ì²¹²õÂá´Ç²Ô²õ°ùÃ¥»å²µÂá±ð±¹²¹°ù
  • rÃ¥dgjevar i kommune eller fylkeskommune

Aktuelle bransjar kan vere museum, kulturminnevern, kulturinstitusjonar, arkiv, media, og offentleg og privat forvaltning. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i kulturvitskap er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Alle emna er obligatoriske.

Slik er studiet sett opp:  

1. semester

KUVI305 - Forsking i praksis (15 studiepoeng)   

KUVI301 - FrÃ¥ teori til metode (15 studiepoeng)  

2. semester

KUVI302 - Forskningsfelt og prosjektutvikling (15 studiepoeng),   

KUVI306 - FrÃ¥ innsamling til analyse (15 studiepoeng)   

AHKR300 - Forskingsetikk (0 studiepoeng)  

3. og 4. semester   

KUVI350 - Mastergradsoppgåve i kulturvitskap (60 studiepoeng) 

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt semester til eit av våre samarbeidsuniversitet i Sverige, Danmark, Finland eller Tyskland. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Vidare studiemoglegheiter

Etter masterutdanning kan du søke doktorgradsstipend. Ein doktorgrad (ph.d.) kvalifiserer deg til vitskaplege stillingar i universitets- og høgskulesektoren.

ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ tilbyr etter- og vidareutdanning, blant anna innan museumsarbeid og korleis skrive vitskaplege artiklar.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i kulturvitskap

Lenke til video