ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Klassisk filologi (bachelor)

Klassisk filologi er studiet av gresk og latin. Desse språka har vore sentrale kulturelle språk i Europa og andre deler av verda i fleire hundreår. Dei er ikkje berre ein nøkkel til fortida, men også til samtida. Dei pregar verdas syn på vitskap og filosofi, religion, juss, kunst og litteratur.

Kva lærer du?

Nokre av spørsmÃ¥la du møter pÃ¥ studiet, er:   

  • PÃ¥ kva mÃ¥te er klassisk talekunst framleis relevant for oss i dag?  
  • Korleis tolkar vi greske drama og lyrikk frÃ¥ antikken?  
  • Korleis kom alfabetet til Noreg?   

Etter det første Ã¥ret spesialiserer du deg i enten gresk eller latin. Du fÃ¥r praktisk øving i Ã¥ tolke framande kulturuttrykk i deira eigen samanheng. Kunnskap om gammalgresk og latin gir deg evna til Ã¥ tolke antikkens poesi og prosa, men ogsÃ¥ bøker, film og drama frÃ¥ nyare tid. 

Du lærer å lese greske eller latinske tekstar sjølvstendig, og omsette dei til norsk. Du får god kunnskap om fagets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.

Studiekvardag

Bachelorprogrammet i klassisk filologi er eit fulltidsstudium. Du vil typisk ha 4-16 timar i veka med ulike undervisningsaktivitetar, avhengig av kva nivå du er på. I starten får du tilbod om å delta i nesten daglege forelesingar, og når du kjem vidare i studia har du gjerne seminar to gonger i veka. I tillegg kjem sjølvstudium, og etter kvart arbeid med bacheloroppgåva.

Undervisninga er på norsk og engelsk, mens pensum er på skandinavisk, engelsk, latin og gresk.

Hos oss er det store moglegheiter for å bli godt kjent med dei andre studentane, og du møter engasjerte forelesarar. Du lærer eit språk svært få kjenner og får eit unikt perspektiv på dagens kulturelle liv.

Som student hos oss vil det meste av undervisninga gå føre seg på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.

Kva kan du jobbe som?

PÃ¥ dette studiet fÃ¥r du ein kompetanse som er etterspurt i institusjonar over heile verda der eldre historie er ein del av omrÃ¥det for verksemda, for eksempel:    

  • pÃ¥ museum og andre antikvariske samlingar og institusjonar, som museumsvert, konservator og formidlar 
  • i kyrkja, som formidlar 
  • pÃ¥ universitetet, som forskingsassistent og undervisar 
  • pÃ¥ bibliotek, som formidlar 
  • i skoleverket, som lærar   

Evna til å tenke sjølvstendig og kritisk og evna til å samarbeide er viktig for mange arbeidsgjevarar. Begge delar får du på dette studiet.

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester (haust)

(10 sp.) for spesialisering i latin

(10 sp.) for spesialisering i gresk

Examen philosophicum, anten  eller  (10 sp.)  

EXFAC:  eller (10 sp.)  


Spesialisering i gresk  

2. semester (vår)

Første halvdel:  (15&²Ô²ú²õ±è;²õ±è.) &²Ô²ú²õ±è;&²Ô²ú²õ±è;

Andre halvdel:  (15&²Ô²ú²õ±è;²õ±è.) &²Ô²ú²õ±è;

3. semester (haust)

Første halvdel:  (15&²Ô²ú²õ±è;²õ±è.) &²Ô²ú²õ±è;&²Ô²ú²õ±è;

Andre halvdel:  (15&²Ô²ú²õ±è;²õ±è.) &²Ô²ú²õ±è;   


Spesialisering i latin  

2. semester (vår)

(15&²Ô²ú²õ±è;²õ±è.) &²Ô²ú²õ±è;

(15&²Ô²ú²õ±è;²õ±è.) &²Ô²ú²õ±è;

3. semester (haust)

(15&²Ô²ú²õ±è;²õ±è.) &²Ô²ú²õ±è;

 (15&²Ô²ú²õ±è;²õ±è.) &²Ô²ú²õ±è;  


For begge spesialiseringer 

4.-5. semester (vår og haust)

Frie emne – vel blant alle ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (60 studiepoeng)  

Fagmiljøet ved klassisk har undervisning i følgande opne emne, som kan vere relevante for studentar ved bachelorprogrammet:

ANT202 - Antikkens litteratur (15 sp. – haust)

RET102 - Klassisk retorikk (15 sp. – haust)

KUN209 - Kunst, retorikk og lærdomstradisjonar i før- og tidlegmoderne tid (15 sp. – vÃ¥r)

6. semester (vår)

 med bacheloroppgÃ¥ve (30 studiepoeng)

Merk at nokre spesialiseringsemne berre gÃ¥r anten vÃ¥r eller haust. Studenten kan velje Ã¥ byte om pÃ¥ rekkefølga for dei frie emna og spesialiseringa, og mÃ¥ vere sikker pÃ¥ at ein har planlagt rett emne til rett tid i utdanningsplanen. Spør studierettleiar om rÃ¥d om du er i tvil.

Utveksling

Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet. For deg som tar klassisk filologi vil det vere interessant å reise til . Dei norske institutta i  og Roma arrangerer kurs i gresk og romersk kultur som passar godt som frie emne.

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorprogrammet kan du søke opptak til masterprogrammet i gresk eller masterprogrammet i latin, og kvalifisere deg for vidare studium og forsking på høgare nivå.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i klassisk filologi