ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Kinesisk (master)

Masterprogrammet i kinesisk skal møte det aukande behovet for å utvikle ny kunnskap innan kinesisk språk og tverrkulturell kommunikasjon.

Kva lærer du?

Gjennom masterprogrammet i kinesisk vil du bygge eit teoretisk grunnlag i kinesisk sprÃ¥k, litteratur og kultur, og deira kryssingspunkt, spesielt relatert til Kina-studium. Programmet er delt i tre kjerneomrÃ¥de: Anvendt lingvistikk og sosiolingvistikk, komparative litteraturstudium og kulturell kompetanse. MasteroppgÃ¥va du skal skrive, vil høyre til eitt av desse omrÃ¥da. 

Du vil bli i stand til Ã¥ utføre uavhengig, akademisk arbeid og løyse problem ved Ã¥ vurdere teoriar, metodar og tolkingar innan fagdisiplinen. Gjennom to Ã¥r vil du utvikle bÃ¥de overførbare kunnskapar og spesialisering i Ã¥ strukturere og kommunisere idear effektivt, bÃ¥de munnleg og skriftleg pÃ¥ kinesisk.  

Studiekvardag

PÃ¥ dette studieprogrammet blir du ein del av eit mangfaldig fagmiljø. Sjølv om studiemiljøet pÃ¥ kinesisk er lite, blir du ein del av heile miljøet til masterstudentar ved instituttet.  

Undervisninga bestÃ¥r av forelesingar og seminargrupper. Alle delar av studiet er obligatoriske, men i andre semester er det mogleg Ã¥ velje blant ulike fag, bÃ¥de innanfor kinesisk og utanfor sjølve fagomrÃ¥det. Du har stor grad av fridom til Ã¥ velje tema for masteroppgÃ¥va, og fagmiljøet i kinesisk er alltid klart for Ã¥ diskutere moglege tema med deg. Som masterstudent vil du fÃ¥ eigen lesesalsplass. 

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.

Kva kan du jobbe som?

Ein master i kinesiske studium gjer deg kvalifisert for stillingar som krev gode kunnskapar innan sprÃ¥k og kultur innanfor eit spesifikt land eller region.  

Dette kan for eksempel vere innan  

  • offentleg forvaltning
  • norsk og internasjonalt næringsliv
  • import/eksport av for eksempel sjømat
  • utanrikstenesta(diplomati, ambassade og konsulat)  
  • ideelle organisasjonar 
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Opptak til masterprogrammet i kinesisk skjer annan kvart år med opptak i partalsår.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Engelsk og kinesisk

Studiets oppbygging

Programmet varer i to akademiske Ã¥r (fire semester) og startar om hausten.  

1. semester  

KIN301 - Tema innan anvendt kinesisk lingvistikk (15 studiepoeng)   

KIN302 - Forskingsmetodar i kinesiske studiar (15 studiepoeng) 

2.semester 

KIN303 - Tema innan kinesisk sosiolingvistikk (10 studiepoeng)

KIN304 - Tema innan kinesisk litteratur, filosofi, media og kunst (10 studiepoeng) 

KIN305 - Interkulturell kompetanse (10 studiepoeng), KIN306 - Sjølvstendig studium (10 studiepoeng) eller LING313 - Metode for sprÃ¥klege mastergradar (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester    

KIN350 - Masteroppgåve i kinesiske studium (60 studiepoeng)

Utveksling

Det er mogleg å reise på feltarbeid under arbeidet med masteroppgåva, som er i tredje og fjerde semester av masterprogrammet. Du kan søke Institutt for framandspråk om økonomisk stønad.

Vidare studiemoglegheiter

Fullfører du masterprogrammet med gode resultat, kan du søke om opptak til doktorgradsstudium.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar@if.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i kinesiske studium