ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Journalistikk (bachelor)

Vil du ta del i det journalistiske kraftsenteret Media City Bergen? Som bachelorstudent i journalistikk vil du samarbeide tett med fleire store medieaktørar. Etter avslutta studium kan du produsere kritisk, konstruktiv og nyskapande journalistikk på tvers av plattformer.

Kva lærer du?

PÃ¥ bachelorstudiet i journalistikk lærer du 

  • journalistikkens sjangrar, former og format
  • viktige lover og etiske rammer
  • relevante teknologiar for journalistikken 

Journalistikk handlar om Ã¥ formidle historier frÃ¥ det verkelege livet til eit større publikum. I eit komplisert samfunn med særs mykje informasjon er det viktig at nokon formidlar det vesentlege pÃ¥ ein klar mÃ¥te. Vi vil vere nært det som skjer i det praktiske livet til ei kvar tid. 

Studiet tar utgangspunkt i grunnleggande journalistiske prinsipp, der kjeldekritikk og etisk refleksjon gÃ¥r hand i hand med utforsking av digitale verktøy. Du vil bli utfordra og inspirert gjennom variert undervisning og eigen produksjon av journalistisk stoff. 

Trening i visuell og verbal historieforteljing står sentralt gjennom heile studiet. Studiet har eigen nettbasert publiseringsplattform: www.bymag.no

Studiekvardag

Som journalistikkstudent blir du del av eit unikt studentmiljø, sentralt plassert midt i det pulserande livet i Media City Bergen. Her gÃ¥r medieproduksjon for store lokale og nasjonale medium føre seg rett ved sida av studiet og studentane. Her er det undervisningslokale, opne lesesalar og lesekrokar. 

PÃ¥ studiet blir du følgt tett opp av undervisarane heile vegen. Studentane og fagmiljøet er i kontinuerleg dialog i løpet av studiet, og innanfor fagplanane blir det gjort tilpassingar i pakt med tilbakemeldingar frÃ¥ studentane. 

Bachelorprogrammet i journalistikk er eit studium på fulltid. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha om lag 16 timar undervisning i form av forelesingar og workshops. Oppgåveskriving og praksis er òg ein del av studiet. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvalt tema.

Kva kan du jobbe som?

Studentar med denne utdanninga blir i stor grad journalistar, informasjonsarbeidarar og hamnar elles i medierelevant arbeid. 

BÃ¥de journalistiske verksemder og andre verksemder treng menneske som kan gripe kva som er viktig og vesentleg i ei sak eller pÃ¥ eit saksfelt, og som kan formidle dette pÃ¥ ein klar og konsis mÃ¥te, pÃ¥ sÃ¥ kort tid som mogleg. 

Med denne utdanninga er du attraktiv for arbeidsgjevarar fordi du er drilla i det journalistiske handverket, samtidig som du har viktig analytisk kunnskap med deg.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 58.3
Primær kvote: 52.8

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Undervisninga er stort sett på norsk, men innslag av engelsk iblant. Litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i journalistikk er eit treÃ¥rig fulltidsstudium som startar i august. 

1. semester

JOU100 – Introduksjon til journalistikk og akademisk skriving (20 studiepoeng) 

Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng) 

2. semester

JOU102 –  Journalistikken sine metodar og verktøy (30 studiepoeng) 

3. semester

JOU103 – Podkast, dokumentar og historieforteljing (30 studiepoeng) 

4. semester

Frie studiepoeng/ utveksling (30 studiepoeng) 

5. semester

JOU211 – Praksisførebuing (15 studiepoeng) 

JOU202 – Journalistikkens praksis I (15 studiepoeng) 

6. semester

JOU203 – Journalistikkens praksis - II (15 studiepoeng) 

JOU290 â€“ BacheloroppgÃ¥ve i journalistikk (15 studiepoeng) 

Heile bachelorgraden er pÃ¥ til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngÃ¥r i alle bachelorprogramma ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´) i første semester. I fjerde semester har du 30 frie studiepoeng, der du kan velje opne ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-emne, eller ta emne pÃ¥ utveksling i utlandet.

 

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2026?

Utveksling

Du kan reise på utveksling i femte semester. Vi har avtalar med blant anna universitet i Storbritannia, Spania, Irland, Australia og Frankrike.

Vidare studiemoglegheiter

ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ tilbyr masterprogram i undersøkande journalistikk som bygger pÃ¥ bachelorgraden.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 93 64
E-post: studierettleiar.mcb@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i journalistikk