ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Japansk (master)

Japan er ei økonomisk stormakt og ein stor kulturnasjon. Noreg treng folk som kjenner Japan frå innsida, noko som berre er mogleg gjennom språket. Masterstudiet passar for deg som har ei sterk interesse for japansk språk og historie, og som ønsker å fordjupe deg i eit tema innan desse områda.

Kva lærer du?

Det viktigaste du lærer på studiet er å skrive ei masteroppgåve om ei Japan-relatert problemstilling. Du skal gjennomføre eit sjølvstendig, rettleia forskingsprosjekt, enten innan språkvitskap eller moderne historie.

Du vil lære å:

  • kritisk vurdere og forklare problemstillingar knytt til japansk sprÃ¥k, historie og samfunn
  • anvende sprÃ¥kleg og kulturell kompetanse pÃ¥ spesialiserte omsettingsprosjekt
  • gjennomføre eit rettleia forskingsprosjekt med utgangspunkt i konkrete, Japan-relaterte problemstillingar

På studiet vert det lagt særleg vekt på omsettingstematikk, både som teoretisk fagfelt, som arbeidsrelevant praksis, og som metode for å forstå og analysere japanskspråklege tekstar. Det er også mogleg å gjennomføre eit omsettingsprosjekt som masteroppgåve. Dette gjer studieprogrammet til det einaste i sitt slag i Norge.

Studiekvardag

Institutt for framandsprÃ¥k ligg i HF-bygget, rett ved Universitetsbiblioteket pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden i Bergen sentrum. Som masterstudent fÃ¥r du eigen lesesalsplass. Terskelen for Ã¥ ta kontakt med faglærarane er lÃ¥g, og møteplassane fleire.  

Du kjem inn i eit lite, men inspirerande forskings- og læringsmiljø pÃ¥ studiet, og som senpai (senior) for dei mange bachelorstudentane blir du ein viktig inspirator for dei. Du fÃ¥r ogsÃ¥ kontakt med masterstudentar pÃ¥ andre framandsprÃ¥k ved instituttet via faglege og sosiale arrangement. Dersom det passar med temaet for masteroppgÃ¥va di, kan du opphalde deg i Japan i ein periode for Ã¥ gjennomføre feltarbeid. 

Som student hos oss vil du tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar.

Kva kan du jobbe som?

Inngåande kjennskap til eit fjernt språk og kultur bidrar til kulturell sensitivitet som er svært verdifull i mange yrke i vårt fleirkulturelle samfunn.

Masterstudiet gir deg kompetanse som er relevant for:

  • diplomati
  • forlags- og mediebransjen
  • bibliotek
  • ³Ù³Ü°ù¾±²õ³Ù²Ôæ°ù¾±²Ô²µ²¹
  • kulturrelatert arbeid, som omsetting, tolking og undervisning
  • vidaregÃ¥ande skole

Å kunne leite fram og organisere kunnskap, samt skrive godt, reflektert og kjeldekritisk er verdifullt i mange yrke. Omsettingskompetanse og gode ferdigheiter i eit krevjande språk som japansk er attraktivt for bedrifter som forheld seg til Japan.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Opptak til masterprogrammet i japansk skjer annan kvart år med opptak i oddetalsår.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk, engelsk og japansk

Studiets oppbygging

Undervisninga første Ã¥ret føreset aktiv deltaking av deg som student, og gÃ¥r føre seg pÃ¥ norsk, engelsk og japansk. Ei viktig undervisningsform er seminar, som vanlegvis tar utgangspunkt i pensumlitteratur og  forelesingsstoff. Det andre Ã¥ret er det inga undervisning, og du skal i staden bruke tida di pÃ¥ masterprosjektet, med jamleg rettleiing og nokre presentasjonar undervegs.  

1. semester 

JAS301 - Anvendt lingvistikk og japansk (10 studiepoeng) 

JAS302 - Moderne japansk historie og histografi (10 studiepoeng) 

JAS303 - Japansk semantikk og oversettelse (10 studiepoeng) 

2.semester 

JAS304 - Metodar i avanserte Japan-studier (15 studiepoeng) 

LING313 - Metode for sprÃ¥klege mastergrader (15 studiepoeng) eller HIS309 - Historikarens arbeidsmÃ¥tar (15 studiepoeng)  

3.-4. semester 

JAS350 - Masteroppgåve i japansk (60 studiepoeng)

Utveksling

Det er mogleg å reise på feltarbeid til Japan, fortrinnsvis rundt tredje semester. Fagmiljøet hjelper med å knyte kontaktar og legge til rette for eit slikt opphald.

Vidare studiemoglegheiter

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søke om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag, og deretter vidare til stillingar innan høgre utdanning og forsking.

Etter mastergraden kan du ta eittårig praktisk-pedagogisk utdanning for å bli japansklærar på vidaregåande skole. Eit etablert tilbod i praktisk-pedagogisk utdanning knytt til japansk finst berre ved Universitetet i

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar@if.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i japansk