ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) (Bachelor) - Utgått

Vil du lære å lage datasystem og dataprogram som passar for brukarane? På bachelorstudiet i IKT får du erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy, som du lærer gjennom praktiske oppgåver. Programmet tar ikkje opp nye studentar.

Kva lærer du?

Etter å ha fullført bachelorprogrammet i IKT:

  • har du kunnskap om design-prinsipp for programvare og informasjonssystem.
  • kan du utforme og implementere effektive program.
  • kan du analysere ulike problemstillingar knytt til bruken av informasjonsteknologi med omsyn bÃ¥de til teknologiske løysingar og til verksemda/organisasjonen som teknologien skal tene.
Studiekvardag

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studentane set pris pÃ¥ at dei fagleg er innom mykje forskjellig, og at dei fÃ¥r overblikk over ein dynamisk og variert bransje. 

Bachelorprogrammet i IKT er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 14-16 timar med undervising i form av forelesningar og seminargrupper. Gruppeoppgåver og lab-baserte øvingar er òg ein del av studiet.

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Som IKT-student vil du kunne bruke lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og på MatNat-fakultetet på Nygårdshøgda i Bergen sentrum.

Studieprogrammet tar ikkje opp nye studentar. 

Kva kan du jobbe som?

Det er stor, og aukande, etterspurnad etter IT-kompetanse på arbeidsmarknaden. IKT-studentar er svært aktuelle for eit breitt spekter av jobbar i IT-bransjen og i IT-avdelingar innan dei fleste andre bransjar.

Aktuelle arbeidsoppgåver etter fullført IKT-studium er:

  • utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem
  • opplæring og brukarstøtte
  • drift og vedlikehald av eksisterande system
  • utvikling av ny teknologi
  • planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: MATRS

Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 eller S1 og S2.

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i IKT er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Studiet er på til saman 180 studiepoeng og er lagt opp slik:

1. semester:

Examen philosophicum - seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng) 

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

2. semester:

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

3. semester:

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

4. semester:

(10 studiepoeng)

(10 studiepoeng)

Valfritt fordjupingsemne i spesialiseringa (10 studiepoeng)

5. semester:

Valfrie emne / utveksling (til saman 30 studiepoeng)

6. semester:

Valfrie emne / utveksling (til saman 30 studiepoeng)

Dei valfrie emna er emne du meiner er relevante for vidare utdanning eller yrkesplanar: Dette kan vere datafag eller andre relevante fag. Du kan velje opne ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-emne, eller reise pÃ¥ utveksling i utlandet.

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2019?

Utveksling

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589850
E-post: studierettleiar.svfa@uib.no