ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Historie (master)

Historie er faget om menneska si fortid: om samspel og konfliktar i ulike samfunn frå antikken til i dag. I ei globalisert og kompleks verd gir masterprogrammet i historie ein eineståande kompetanse i å forstå og tolke samtida i lys av fortida.

Kva lærer du?

Faget handlar om kulturell, sosial, politisk og økonomisk utvikling over tid, og om kva sosiale grupper, nasjonalitet, etnisitet, alder og kjønn har å seie for samfunnsutviklinga. Vi drøftar spørsmål som:

  • Korleis kan historie bidra til Ã¥ tolke og vurdere verda?
  • Korleis vert historie skriven i ulike delar av verda?
  • Kva teoretiske og metodiske grunnproblem finst innanfor historieforskinga?

Studiet gir deg djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår innan historieforskinga. Du vil bruke fagets teori, metodar og teknikkar i sjølvstendig løysing av historiske problem.

Gjennom arbeidet med masteroppgåva får du òg ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Du får avansert kunnskap innanfor eit forskingsfelt, og spesialisert innsikt i temaet for oppgåva di.

Studentane våre samlar vanlegvis inn empiri ved å studere trykte kjelder, reise på besøk til arkiv eller besøke museum.

Studiekvardag

I dei to første semestera har du undervising cirka fem timar per veke, og i dei to siste semestera skriv du masteroppgÃ¥va. Programmet gir deg moglegheit til Ã¥ arbeide med eit tema som du brenn for, i samarbeid med ein rettleiar.  

Gjennom heile studiet kan du følge eit masterseminar der du kan diskutere ulike problemstillingar med andre studentar. Masterseminara samlar alle masterstudentane og rettleiarane i faste seminargrupper innan ulike tema. PÃ¥ desse seminara kan du arbeide aktivt med masterprosjektet ditt og fÃ¥ tilbakemeldingar frÃ¥ medstudentar og undervisarar.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. 

Kva kan du jobbe som?

Masterprogrammet kvalifiserer deg for stillingar der historiske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling, og innsikt i historiefagets forskingsmetodar, er relevante.   

Utdanninga opnar for karriere innan   

  • ²õ°ì´Ç±ô±ð±¹±ð°ù°ì±ð³Ù 
  • ³¾³Ü²õ±ð³Ü³¾â€¯
  • offentlege og private arkiv 
  • °ì³Ü±ô³Ù³Ü°ù¾±²Ô²õ³Ù¾±³Ù³Ü²õÂá´Ç²Ô²¹°ù 
  • ³¾±ð»å¾±²¹â€¯
  • offentleg og privat forvaltning  
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i historie er eit toÃ¥rig fulltidsstudium som startar i august.     

Studieløpet kan sjÃ¥ slik ut:  

1. semester

HIS301 - Historisk forskingslitteratur (15 studiepoeng) (obligatorisk emne)  

HIS302 - Historiografi (15 studiepoeng) 

AHKR300 - Forskingsetikk (0 studiepoeng) (obligatorisk emne) 

2. semester

HIS303 - Forskingsproblem og kjeldearbeid (15 studiepoeng) (obligatorisk emne) 

Vel eitt av desse emna: 

HIS304 - Teknikkar i historiefaget (15 studiepoeng)   

HIS308 - Historieformidling (15 studiepoeng)  

HIS309 - Historikarens arbeidsmÃ¥tar (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester 

HIS350 - Mastergradsoppgåve (60 studiepoeng) (obligatorisk)

Utveksling

Du kan reise på utveksling til Danmark, Frankrike, Storbritannia eller Tyskland. Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.

Vidare studiemoglegheiter

Studiet kan gi grunnlag for vidare ph.d.-utdanning i historie. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet og ei grundig prosjektutgreiing. 
Du kan gå vidare til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som kvalifiserer deg til å undervise som lektor i ungdomsskole og vidaregåande skole.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i historie

Lenke til video