ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Global utvikling: teori og praksis (master)

Masterprogrammet i global utvikling: teori og praksis (GLODE) gir deg grundig innsikt i globale utviklingsprosessar gjennom kritisk evaluering av relevante teoriar og berekraftig levekårsutvikling.

Kva lærer du?

Graden er utforma for å gje kandidatane våre verktøy som gjer dei i stand til ikkje berre å analysere feltet for global utvikling kritisk, både på politisk og akademisk nivå, men òg å kunne gjennomføre og evaluere prosessane og resultata av utviklingsinitiativ i samarbeid med lokalsamfunn.

Programmet tilbyr to spesialiseringar: "Helsefremjande arbeid" og "Kjønn innan av global utvikling". Den første gjev deg kompetanse innan teori og praksis for helsefremjande arbeid, med fokus på menneske og lokalsamfunn, slik at dei kan identifisere utfordringar, ressursar og strategiar for å handtere desse. Den andre spesialiseringa tek for seg kjønn og feministisk analyse, inkludert postkoloniale perspektiv og teoriar om maskulinitet. Fokuset ligg på kjønnsrelaterte makttilhøve og sårbarheit, samt prosessar for myndiggjering og sosial endring.

Studiekvardag

Programmet kombinerer ulike former for undervisning og læringsverktøy, inkludert førelesingar, seminar, workshopar og andre studentaktive metodar.

Programmet gjev deg òg ei unik moglegheit til Ã¥ velje mellom eit eitt semesters praksis eller Ã¥ ta relevante kurs ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller andre institusjonar i Noreg eller i utlandet. Studentane organiserer sjølve praksisplassen med støtte frÃ¥ programmet ved behov. Dersom studentane ønskjer Ã¥ ta kurs ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller gjennom ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sine utvekslingsavtalar, kan dette organiserast med hjelp frÃ¥ programmet eller ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Kva kan du jobbe som?

Ein mastergrad i global utvikling: teori og praksis kvalifiserer deg for arbeid innan eit breitt spekter av bistandsorganisasjonar (FN, nasjonale utviklingsorganisasjonar og NGO-ar), samt i nasjonal og lokal offentleg forvaltning. Du vil ha kompetanse i tverrfagleg teamarbeid og vite korleis ein leier team med medlemmar frå ulike faglege bakgrunnar og frå lokalsamfunnsorganisasjonar. Kandidatar vil òg vere kvalifiserte til å arbeide som forskingsassistentar både i privat og offentleg sektor.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (3.0)
Krev minimum snittkarakter C (3,0) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Snitt 2024: 3,0
Snitt 2025: 3,0
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

³§Ã¸°ì²Ô²¹»å²õ´Ú°ù¾±²õ³Ù²¹°ù:

Søkarar utanfor EU/EØS: 1. desember
Søkarar frå EU/EØS/EFTA: 1. mars
Nordiske borgarar og søkarar busette i Noreg: 15. april
Merk at vi berre vurderer søknadsdokument som er sendt inn gjennom vårt nettbaserte søknadssystem. E-postar som gjeld førehandsvurdering av søknadsdokument, vil ikkje bli besvarte.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Engelsk

Studiets oppbygging

Programmet omfattar to studieÃ¥r (fire semester) og startar om hausten.Følgende studieplan gjelder for studenter som startar høsten 2023: (For deg som starta hausten 2022 eller tidligere vil den utdanningsplanen du starta pÃ¥ gjelde til du er ferdig)

1. semester

(15 studiepoeng) (obligatorisk)

Anten (15 studiepoeng) (obligatorisk) eller (15 studiepoeng) (obligatorisk)

2. semester

(15 studiepoeng) (obligatorisk)

Anten (15 studiepoeng) eller (15 studiepoeng)

3. semester

Anten (30 studiepoeng)

Eller ERASMUS utveksling tilsvarande 30 studiepoeng

Eller andre relevante emnar for programmet tatt ved UIB tilsvarande 30 studiepoeng

4. semester

(30 studiepoeng)

Utveksling

Det er mogleg Ã¥ studere i utlandet i tredje semester gjennom ERASMUS-programmet som eit alternativ til praksis. Dersom du vel Ã¥ gjennomføre praksis, oppmodar vi deg til Ã¥ reise til utlandet for eitt semester ved eit av vÃ¥re samarbeidande universitet eller med ei organisasjon. Det er òg mogleg Ã¥ gjennomføre praksis hos ei norsk organisasjon.  

Du kan òg reise i samband med feltarbeid.

Vidare studiemoglegheiter

Studentar kan òg kvalifisere seg for opptak til PhD-program.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Master's Programme in Global development Theory and Practice