ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Geografi (master)

Korleis kan vår tids store utfordringar, som klimaendringar, migrasjon, urbanisering og matproduksjon taklast? I ei tid med endringar i miljøet og ressursgrunnlaget vårt er det behov for geografar som forstår samanhengen mellom menneske, natur og samfunn, og som kan finne gode løysingar og tiltak.

Kva lærer du?

PÃ¥ masterprogrammet i geografi fordjupar du deg i aktuelle samfunnsutfordringar og fÃ¥r avansert kunnskap innanfor tema som:  

  • grøn omstilling og planlegging 
  • stad- og næringsutvikling 
  • klimaendringar og naturfarar 
  • global utvikling, migrasjon, makt og rettferd 
  • forvaltning av naturressursar 
  • landskaps- og miljøendringar 
  • global matsikkerheit  

I tillegg til teoretisk kunnskap om feltet for masteroppgÃ¥va, vil du lære mykje gjennom planlegging og gjennomføring av feltarbeid. Etter innsamling av feltdata vil du gÃ¥ vidare med databehandling og –analyse, samt tolking og presentasjon av resultata. Avhengig av kva studieretning du vel, fÃ¥r du ei fordjuping i enten samfunnsvitskaplege eller naturvitskaplege metodar.  

Vi tilbyr tre studieretningar: Samfunnsgeografi, Miljø- og landskapsgeografi og Naturgeografi 

Studiekvardag

PÃ¥ Institutt for geografi fÃ¥r du utvikle deg i eit unikt tverrfagleg fagmiljø der bÃ¥de natur-, miljø- og samfunnsgeografar er sterkt representert. Som masterstudent fÃ¥r du tilgang til lesesalsplass pÃ¥ instituttet, der du fÃ¥r nær kontakt med medstudentane og fagpersonane. Det sosiale miljøet hos oss er uformelt og internasjonalt.  

Du har to semester til Ã¥ skrive masteroppgÃ¥va, som er pÃ¥ 60 studiepoeng. I løpet av den første veka møter du alle potensielle rettleiarar som presenterer seg sjølv og forslag til prosjekt som dei kan rettleie. NÃ¥r du har valt tema for masteroppgÃ¥va vil du bruke første semester til Ã¥ utvikle ei prosjektskisse gjennom eit felles skrivekurs. Du kan òg bli med i ei relevant faggruppe. 

Feltarbeidet ditt kan du gjere i Noreg eller i utlandet, i overgangen mellom første og andre studieår. Avhengig av kva oppgåva krev, må du rekne med å bruke 4-8 veker på feltarbeidet. 

Kva kan du jobbe som?

Geografar har ein tverrfagleg bakgrunn som gjer dei godt eigna til å jobbe saman med andre i tverrfaglege team. Dei har gode metodiske ferdigheiter og er gode på problemløysing og rapportskriving.

Geografar

  • forstÃ¥r drivkreftene bak miljø-, landskap- og klimaendringar og konsekvensane deira
  • analyserer bruk og forvaltning av naturressursar
  • planlegg og utviklar stader og byar for framtida, og arbeider med næringsutvikling, velferd og lokalisering av arbeidsplassar
  • forstÃ¥r korleis matsikkerheit, ekstremvêr og klimatilpassing heng saman
  • lagar analyser utfrÃ¥ kart og geografiske informasjonssystem (GIS)
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
- dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
- dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i geografi, innan den studieretninga du søker opptak på.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • UiA: Samfunnsplanlegging og kommunikasjon (Samfunnsgeografi) og Globale utviklingsstudier
  • NTNU: Geografi (alle retningar) og Geologi med studieretning Arktisk geologi (Naturgeografi)
  • HVL: Geologi og geofare (Naturgeografi) og Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur (Miljø- og landskapsgeografi)
  • UiO: Geologi og geografi (Naturgeografi) og Samfunnsgeografi (Samfunnsgeografi)
  • NMBU: International Environment and Development Studies (Samfunnsgeografi)
  • Nord Universitet: Geografi (Samfunnsgeografi, Miljø- og landskapsgeografi)

  • UiT: Samfunnsplanlegging og kulturforstÃ¥else (Samfunnsgeografi)

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geografi eller tilsvarande og ei fordjuping i den studieretninga du søker.

³§Ã¸°ì²Ô²¹»å²õ´Ú°ù¾±²õ³Ù±ð°ù:

  • : 1.desember 2024
  • : 1.mars 2025
  • : 15.april 2025

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet er eit toÃ¥rig fulltidsstudium som startar i august. Det første Ã¥ret er kursdelen, der du tar emne (fag) pÃ¥ 60 studiepoeng. Det andre Ã¥ret er oppgÃ¥vedelen, der du pÃ¥ bakgrunn av eit feltarbeid skriv ei masteroppgÃ¥ve under rettleiing. 

Du kan velje mellom desse studieretningane, basert pÃ¥ fordjuping i bachelorgraden din: 

Naturgeografi

Miljø- og landskapsgeografi 

Samfunnsgeografi 

1. semester  

GEO308 â€“ Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar (10 studiepoeng) 

GEO310 â€“ Skrivekurs og prosjektskildring (10 studiepoeng) 

Eit emne i teori eller metode for din studieretning: 

GEO313 â€“ Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar (10 studiepoeng) 

GEO328 – Planlegging og samfunn (10 studiepoeng) 

GEO330 â€“ Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng) 

Milepæl 1: Presentasjon av prosjektskildring i desember. 

2. semester  

Emne i teori og metode ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´,  eller utveksling 

GEO306 â€“ Metodar i samfunnsgeografi (10 studiepoeng) 

GEO316 â€“ Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis (10 studiepoeng) 

GEO317 â€“ Særemne i geografi (10 studiepoeng) 

GEO324 â€“ Human Geographies of Adaptation to Climate Change (10 studiepoeng) 

GEO337 â€“ Discourses, Politics and People: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng) 

GEO341 â€“ Mastergradsfeltkurs i naturgeografi (10 studiepoeng) 

Milepæl 2: Presentasjon av teori, forskingsdesign og planar for feltarbeid i april/mai. 

3. og 4. semester  

GEO350 â€“ MasteroppgÃ¥ve (60 studiepoeng) 

Milepæl 3: Posterpresentasjon av data, funn og metodologi i oktober. 

Innlevering av masteroppgÃ¥va er i slutten av 4. semester (1. juni) 

Utveksling

Du kan reise på til Island, Nederland, Storbritannia, Sverige, Tyskland med fleire. Det er lagt opp til at du kan reise i andre semester. Naturgeografar kan også ta enkeltkurs ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i geografi kan du og ta ein doktorgrad (ph.d.).

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.geog@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i geografi

Lenke til video