ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Film- og TV-produksjon (bachelor)

Film- og TV-produksjon er ei yrkesretta og praktisk utdanning der du lærer foto, klipping, lydarbeid, manusutvikling og regi. Dette studiet passar best for deg som har ein brennande lidenskap for å fortelje gode historier, og som er sikker på at du vil jobbe i mediebransjen.

Kva lærer du?

Studiet er akademisk forankra med ein teoretisk del der du lærer å analysere og vurdere ulike typar produksjonar. Du lærer om sjangrar, filmatiske verkemiddel og film- og TV-historie. Samtidig får du på dette studiet praktiske handverksmessige ferdigheiter som er relevante for eit breitt spekter av audiovisuelle produksjonar, frå kortfilm til webserie til studioproduksjon til dokumentar til intervju.

Studiet er lokalisert i Media City Bergen, saman med sentrale medieselskap som NRK, TV 2, ITV og BT så vi er tett på bransjen. Du får treffe desse naboane i undervisningssamanheng, og du skal ha utplassering hos relevante medieselskap.

Ein ferdig utdanna bachelorstudent i film- og TV-produksjon

  • kan planlegge og produsere ulike typar TV-innhald
  • kan utvikle idear, konsept og forteljingar for ulike typar TV-innhald
  • har god kunnskap om ulike tradisjonar, sjangrar og format innanfor TV
Studiekvardag

Som student i film- og TV-produksjon vil du bruke dagane dine pÃ¥ Media City Bergen, der det finst areal og eigne bÃ¥sar til Ã¥ studere. Universitetet har ogsÃ¥ mange andre lesesalar og bibliotek du kan bruke, for eksempel pÃ¥ SV-bygget. 

Bachelorprogrammet i film- og TV-produksjon er eit studium pÃ¥ fulltid. Ei typisk veke kan ha rundt 20 timar med undervisning i form av forelesingar, workshops og studentproduksjonar. Det er det praktiske arbeidet som vil ta mest tid. 

I produksjonsperiodar kan det vere intenst med arbeid, og i delar av semesteret er det krav til at du deltar på obligatorisk opplæring eller obligatoriske øvingar. I andre delar av semesteret vil du disponere tida meir fritt og sjølvstendig, og da bør du vere flink til å bruke tida til sjølvstudium, enten det er med bøker eller teknisk utstyr.

Kva kan du jobbe som?

Ein bachelorgrad i film- og TV-produksjon kvalifiserer deg til arbeid innanfor film- og TV-produksjon, i yrke som TV-journalist, klippar, fotograf, lydperson eller produsent. Du vil kunne jobbe bÃ¥de i større organisasjonar og som sjølvstendig film- og TV-skapar. Du kan ogsÃ¥ gÃ¥ inn i store multimediale mediehus som opererer pÃ¥ fleire plattformer. 

Samankoplinga mellom tradisjonelle og nye medium sikrar at du er vel forberedt på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver innanfor alle delane av det mangslungne medie-, kunst- kommunikasjons- og informasjonsfeltet.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 57.8
Primær kvote: 52.4

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i film- og TV-produksjon er eit treÃ¥rig fulltidsstudium som startar i august. 

Slik er studiet bygd opp:

1. semester

TVP100 – Introduksjon til TV-produksjon og akademisk skriving (20 studiepoeng) 

Examen philosophicum - seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)

2.semester

TVP102 â€“ Det visuelle sprÃ¥ket (30 studiepoeng) 

3.semester

TVP104 â€“ Dokumentariske produksjonar (30 studiepoeng) 

4.semester

Frie studiepoeng eller utveksling (30 studiepoeng) 

5.semester

TVP204 â€“ Fordjuping i fagfunksjon (30 studiepoeng) 

6.semester

TVP260 â€“ Bachelorproduksjon (20 studiepoeng) 

TVP261 – Utplassering (10 studiepoeng)

Utveksling

Du kan i fjerde semester.

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelorgraden kan du søke opptak til masterprogrammet i medier og kommunikasjon for seriar ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Du kan ogsÃ¥ søke pÃ¥ ei lang rekke internasjonale masterprogram i film/TV-produksjon.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 93 64
E-post: studierettleiar.mcb@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i film- og TV-produksjon