Engelsk (Ã¥rsstudium)
Engelsk er antakeleg det mest utbreidde språket nokosinne. Når vi treff nokon med eit anna morsmål kommuniserer vi oftast på engelsk, uansett kva det handlar om: internasjonal politikk og diplomati, handel, forsking, kultur mm. På årsstudiet i engelsk vil du lære om engelsk språk og kultur.
- Varigheit
- 1 år
- Studieplassar
- 24
- Studiepoeng
- 60
- Studiestart
- Haust og vår
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk og engelsk
Kva lærer du?
På årsstudiet vil du få ei innføring i engelsk språkvitskap, litteratur og kultur. Du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket.
Gjennom tolking av ulike tekstar får du kunnskap om samanhengen mellom litteratur og samfunnsforhold i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land.
Vi diskuterer spørsmål som: 
- Korleis fungerer det engelske språket? 
- Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?   
- Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og vice versa?  
Studiekvardag
Dette er eit fulltidsstudium. I løpet av ei typisk veke vil du ha rundt 10 timar undervisning, som forelesingar og seminargrupper. I tillegg vil du lese pensumlitteratur og forberede deg til undervisning. I det andre semesteret kan du dra til Det norske studiesenteret i York og få ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden, som ligg midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring , og kunnskap om kulturen og samfunnet i landet/området.
Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet, media m.fl. treng folk med denne kompetansen.
Opptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk
Studiets oppbygging
Vi anbefaler at du startar Ã¥rsstudiet i engelsk i januar, men du fÃ¥r studierett frÃ¥ hausten og kan studere andre fag ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
(15 studiepoeng)
(15 studiepoeng)
2. semester
(15 studiepoeng)
(15 studiepoeng)
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling som del av årsstudiet, men du kan bli med på studietur til for ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Vidare studiemoglegheiter
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelor i engelsk. Årsstudiet i engelsk kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Fullført årsstudium saman med ein fullført mastergrad i eit anna skolefag kvalifiserer for opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) med engelsk som undervisningsfag.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.