ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Studieplan for MAMN-PRO Masterprogram i energi- og prosessteknologi, vår 2026

Namn på grad

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i Energi- og prosessteknologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

Norsk/Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

²ÑÃ¥±ô og innhald

²ÑÃ¥±ô

Masterprogrammet i energi- og prosessteknologi skal gje eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i prosessindustrien. I arbeidet med masteroppgåva blir målingar analysert og resultata vurdera i lys av dei hypotesane som blir testa. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur. Kandidatar med ein mastergrad i Energi- og prosessteknologi vil vere eigna til å analysere dei komplekse problema som dominerer prosessindustrien i dag.

Innhold

Sikkerheitsteknologi:

Prosessindustrien (olje/naturgass, kjemisk, metallurgisk m.m.) er eksportretta og har stor innverknad på økonomien til landet vårt. Både råvarer, mellomprodukt, ferdigprodukt og dei mange ulike prosessane involvert kan representere fare for ulukker, og sikkerheitsarbeidet får derfor høg prioritet. Gjennom omfattande forskingsprogram dei siste åra er det etablert ny kunnskap om komplekse fenomen som inngår i en ulykke, for eksempel gassutslipp, brann og eksplosjon. Dette er svært verdifull kunnskap som enda ikkje er fullt utnytta i praksis. Eit viktig moment i studiet er å søke å utnytte denne grunnleggande kunnskapen ved å anvende den i aktuelle praktiske problemstillingar, for å vise at prosessikkerheit er ein samanhengjande og tverrfagleg engineeringsprosess. Sentrale masteroppgåver er førebygging og kontroll av gassutslepp, eksplosjonar, brannar, varmeavgjevande kjemiske reaksjonar ("run-away") og utslepp av giftige/korroderande stoff.

Separasjon:

Energiutveksling er det grunnleggjande i alle prosessanlegg. Ei grunnleggjande forståing av korleis desse energiutvekslingane heng saman med masseutveksling og strøyming er ein føresetnad for prosessane, anten det er prosessar som inneber fleire fasar og kjemiske reaksjonar eller endringar i tilstand for ein fase. Kandidatar frå denne spesialiseringa skal kunne analysere ulike einingsoperasjonar med omsyn til energi- og strøymingsforhold og kunne setje saman prosessar i heilskaplege prosessanlegg for å tilfredsstille gitte krav. Som ein del av denne målsetjinga blir det fokusert på estimering av termodynamiske data, fysikalske data og faseovergangar ved hjelp av industrielle metodar og meir fundamentale tilnærmingar som molekylære simuleringar og moderne teoriar frå statistisk mekanikk.

Fleirfasesystem:

Spesialiseringen i fleirfasesystem fokuserer på transportfenomen i fleirfasesystem, spesifikt strøyming og varme- og massetransport. Studiet er fokusert på å byggje forståingsbaserte makromodellar for fleirfasesystem ved å undersøke delprosessar på mikronivå og gir innsikt i dei mikroprosessane som skjer i prosessapparatur som involverer fleire fasar. Ettersom avansert programvare overtek dei meir tradisjonelle og rutineprega prosessteknologiske oppgåvene, fokuserer den industrielle prosessteknologien i stigande grad på komplekse oppgåver som er retta mot system som inneheld meir enn ein fase, og som ofte krev innsikt i ulike disiplinar. Oppgåver har normalt ein sterk tverrfagleg karakter og blir utførte i samarbeid med matematikk, fysikk eller kjemi. Ofte er det eit samarbeid mellom teoretikarar på den eine sida og prosessindustrien på den andre. Eit breitt spekter av eksperimentelle, numeriske og teoretiske verktøy blir tekne i bruk.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù±ð

Etter fullført mastergrad i energi- og prosessteknologi skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frÃ¥ litteraturen
  • gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere omrÃ¥de som krev ny kunnskap eller forstÃ¥ing
  • presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
  • ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, bÃ¥de i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.

Ferdigheiter

  • utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i trÃ¥d med forskingsetiske normer
  • handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for Ã¥ analysere og behandle data
  • analysere problemstillingar i prosessindustrien og drøfte mÃ¥tar Ã¥ utforske desse pÃ¥ ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
  • orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for Ã¥ utføre eit forskingsprosjekt
  • analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til Ã¥ strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan fleirfasesystem
  • analysere, tolke og drøfte eigne resultat pÃ¥ ein fagleg god og kritisk mÃ¥te, og i lys av data og teoriar innan sitt fagomrÃ¥de

Generell kompetanse

  • analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og mÃ¥tar Ã¥ løyse problem pÃ¥
  • gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan prosessteknologi, bÃ¥de med spesialistar og til allmennheita
  • reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
  • bruke moderne metodar innan fagfeltet og har evne til Ã¥ sette seg inn i nye metodar
  • planleggje og gjennomføre eitt forskingsprosjekt saman med rettleiar, men med stor grad av sjølvstende
  • sette seg inn i tilgrensande fagomrÃ¥de og samarbeide med spesialistar innan deira fagomrÃ¥de

Spesifikt læringsutbyte for kvar spesialisering

Sikkerheitsteknologi:

Kunnskapar

  • Ã¥ formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
  • vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap gjennomføre arbeidet
  • tolke resultata i høve til problemstillinga
  • vise at ein har gode kunnskapar innan sikkerheitsteknologi generelt, og avansert kunnskap i eit avgrensa omrÃ¥de knytt til mastergradsprosjektet

Separasjon:

Kunnskapar

  • analysere ulike einingsoperasjonar med omsyn til energi- og strøymingsforhold og kunne setje saman prosessar i heilskaplege prosessanlegg for Ã¥ tilfredsstille gitte krav.
  • forstÃ¥ korleis ein kan estimere termodynamiske data, fysikalske data og faseovergangar ved hjelp av industrielle metodar og meir fundamentale tilnærmingar som molekylære simuleringar og moderne teoriar frÃ¥ statistisk mekanikk
  • kjenne til prinsipp for design og optimalisering av prosessanlegg
  • kjenne til prinsipp for modellering av nødvendige termodynamiske eigenskapar som er sentrale i industrielle prosessar
  • ha ein grunnleggande forstÃ¥ing av prosessar i naturen og industri som ikkje kan nÃ¥ termodynamisk likevekt og evna til Ã¥ etablera strategiar for Ã¥ modellere desse prosessane
  • ha ein grunnleggande forstÃ¥ing for termodynamisk styrte prosessar i sediment og reservoar knytt til naturgass hydratar
  • vise at ein har gode kunnskapar innan separasjon generelt, og avansert kunnskap i eit avgrensa omrÃ¥de knytt til mastergradsprosjektet

Fleirfase:

Kunnskapar

  • forstÃ¥ transportfenomena i fleirfasesystem med tanke pÃ¥ strøyming og varme- og massetransport
  • kjenne til dei mikroprosessane som skjer i prosessapparatur som involverer fleire fasar, og bruke dette til Ã¥ formulera makromodellar
  • analysera komplekse problem som fins i prosessindustrien i dag
  • vise at ein har gode kunnskapar innan fleirfasesystem generelt, og avansert kunnskap i eit avgrensa omrÃ¥de knytt til mastergradsprosjektet

Opptakskrav

Masterprogrammet i energi- og prosessteknologi byggjer pÃ¥ ein relevant bachelorgrad i naturvitskap/realfag/ingeniørfag eller tilsvarande (for eksempel petroleumsteknologi, fysikk, matematikk, kjemi, prosess, maskin, energi, statistikk osc). For tidlegare studenter med ein bachelor i petroleum- og prosessteknolgi frÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og studentar som har ekstern bachelorgrad, vert 80 studiepoeng frÃ¥ relevante emne brukt i utrekninga av karaktersnitt.

Av desse 80 studiepoenga må følgjande fag vere inkluderte:

  • 20 studiepoeng i fysikk (termodynamikk og mekanikk)
  • 20 studiepoeng i matematikk (termodynamikk og mekanikk)
  • 40 studiepoeng i relevante fag, inkludert kjemi.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarande bachelorgrader.
  • Norske bachelorgrader i energi, fysikk, kjemi, matematikk, prosessteknologi, maskin eller lignende.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80 studiepoeng i prosessteknologi eller andre relevante fagfelt.

Du må også ha:

  • ein snittkarakter pÃ¥ minimum C i emna du fÃ¥r opptak pÃ¥ grunnlag av.
  • SprÃ¥kkrava i bÃ¥de norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten pÃ¥ grunnlag av norsk vidaregÃ¥ande skule eller pÃ¥ annan mÃ¥te.
  • SprÃ¥kkrav for tosprÃ¥klege program

Obligatoriske emne

Masterprogrammet i Energi-og prosessteknologi omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng og emne eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng. Den totale samla fagpakken blir avtala i kvart tilfelle i samarbeid med rettleiaren i lys av den aktuelle spesialiseringa og forskingsoppgåva.

Sikkerheitsteknologi:

Aktuelle emne inkluderer: ENERGI356, ENERGI353, PTEK351, PTEK354.

Eventuelt spesialpensum valt i samråd med rettleiar.

Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:

1. semester: ENERGI352 PTEK350 Valemne

2. semester: Valemne

3. semester: Valemne/Masterppgåve

4. semester: Masteroppgåve

Separasjon:

Obligatorisk emne: ENERGI356

Tilrådd emne: ENERGI366

Døme på valfrie emne: MAT234, MAT252, KJEM214, PHYS206, ENERGI261, KJEM220, KJEM221.

Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:

1. semester: ENERGI356 og to valemne

2. semester: Valemne/masteroppgåve

3. semester: ENERGI366 pg Masteroppgåve

4. semester: Masteroppgåve

Fleirfase:

Obligatorisk emne: ENERGI353

Minst 10 SP vald blant emna: MAT234, MAT235, MAT252, STAT200, STAT220, KJEM214, PHYS206, PHYS225, og PTEK354.

Tilrådd emne: ENERGI257

Emne eller spesialpensum valt i samråd med rettleiaren din slik at det blir til saman 60 studiepoeng

Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:

1. semester: Valemne

2. semester: Oppgåve Valemne ENERGI353

3. semester: masteroppgåve/valemne

4. semester: Masteroppgåve

sp=studiepoeng

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Undervisningsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Når masteroppgåva er innlevert, godkjent og vurdert, avsluttes studiet med ein munnleg mastergradseksamen.

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F

Karakterskala for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.