ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Biologi (master)

Alt som skjer på jorda avheng av naturen og resurssane derfrå. Frå mat, medisinar, og mobiltelefonar til naturopplevingar. Biologisk kunnskap om molekyl, gen, individ, populasjonar og økosystem trengs for å studera dei moglegheitene naturen gjev. Berekraftig utvikling er heilt avhengig av biologane!

Kva lærer du?

Som masterstudent i biologi skal du vidareutvikle biologikunnskapane dine frÃ¥ bachelorstudiet.  

I masternivÃ¥kursa vÃ¥re dykkar du djupare i den delen av biologien du ønskjer Ã¥ spesialisera deg i: terrestrisk økologi, marin biologi, fiskeribiologi og forvaltning, mikrobiologi, miljøtoksikologi, havbruk og utviklingsbiologi, eller fysiologi og ernæring. 

Dei fleste kurs på masternivå nyttar aktiv læring og læring i grupper, og du blir sjølv sentral for læringa di. Dette førebur deg til å fungere i arbeidslivet, både sjølvstendig, men også som medlem av eit team. I tillegg til val av tematiske kurs, vil val av tema for masteroppgåve vera avgjerande for kva du spesialiserer deg i mastergrada di.

NÃ¥r du begynner Ã¥ jobbe med masteroppgÃ¥va di, blir du ein del av ei forskargruppe pÃ¥ instituttet. MasteroppgÃ¥va kan skrivast hos ei av forskingsgruppene vÃ¥re (les mer under studiets oppbygging). 

Studiekvardag

Undevisninga i masterprogrammet i biologi byggjer på aktiv deltaking og inneheld:

  • laboratoriearbeid, feltkurs og tokt
  • forelesingar og praktiske øvingar
  • interaktive diskusjonar og seminar  

Biologen ligg rett pÃ¥ kaikanten ved Puddefjorden med kort veg til bybane, NygÃ¥rdsparken og resten av campus. VÃ¥r geografiske plassering gir ogsÃ¥ høve til Ã¥ bruke naturen som klasserom. 

Som masterstudent i biologi er du ein del av eit større nettverk av medstudentar pÃ¥ eige og andre program.  
Ved Institutt for biovitenskap er det omlag 650 studentar fordelt pÃ¥ vÃ¥re studieprogram, sÃ¥ du vil heilt sikkert finne nokre likesinna. Du fÃ¥r tilgang pÃ¥ eigne master-lesesalplasser, og du kan rekne med Ã¥ bruke rundt 40 timar i veka pÃ¥ studia.   

Masterstudentar og bachelorstudentar samarbeider i Biologisk fagutval (BFU), som organiserer sosiale aktivitetar og fungerer som eit bindeledd mellom studentar og instituttet.

Kva kan du jobbe som?

Med ein master i biologi er du kvalifisert til et bredt spekter av jobber. For eksempel i: 

  • miljøorganisasjonar (Bellona, Norges miljøvernforbund)
  • konsulentfirma (som Multiconsult, Rambøll, NINA, NIVA og NIBIO)
  • statlege departement og direktorat (Miljødirektoratet, Statsforvalterne og Statens naturoppsyn)
  • Forskning og utdanning

Du kan også spesialisere deg innan biologi og miljøspørsmål hos forskingsinstitutt og relevante næringslivsforetak, som den veksande havbruk- og sjømatnæringa. Eller innan bioteknologibransjen.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Du må ha faglig bredde og praktisk erfaring i felt og på lab som dekker viktige tema i biologien.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
dei spesielle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk

Norsk/Engelsk

Studiets oppbygging

Programmet dekker to akademiske Ã¥r (fire semester) og startar om hausten.     

Det første Ã¥ret følger du emne pÃ¥ til saman 60 studiepoeng. Emne, timeplanar og studieplanar vil avhenge av kva spesialisering du vel. Du tar to obligatoriske emne innan forskingsmetode første semester: (5 studiepoeng) og (5 studiepoeng). Det andre Ã¥ret jobbar du med masteroppgÃ¥va, ogsÃ¥ pÃ¥ 60 studiepoeng. NÃ¥r eit heilt Ã¥r er avsett til Ã¥ arbeide med masteroppgÃ¥va, har du anledning til Ã¥ fokusere berre pÃ¥ det sjølvstendige forskingsarbeidet ditt.  

1. Semester

(5 studiepoeng)

(5 studiepoeng)

Valemne (10  studiepoeng)

Valemne (10  studiepoeng)

2. Semester

Valemne (10  studiepoeng)

Valemne (10  studiepoeng)

Valemne (10  studiepoeng)

3. Semester

Masteroppgave (30 studiepoeng)

4. semester

Masteroppgåve (30 studiepoeng)

Du vel mastertema frÃ¥ tilgjengelege masterprosjekt i biologi, eller du kan finne fram til eit tema som passar deg i samrÃ¥d med rettleiaren din. 

Om masteroppgåva
Når du begynner å jobbe med masteroppgåva di, blir du ein del av ei forskargruppe på instituttet. .

Instituttet er del av ei levande marin klynge med fleire forskingssenter og næringsverksemder. Vi har og verdssleiande forskarar og forskingssenter som jobbar pÃ¥ land og i innsjøar. Vi skapar eit miljø der du som student er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er inkluderande og uformelt. Mange ulike nasjonalitetar arbeider saman, og engelsk er normalt arbeidssprÃ¥ket.

Utveksling

Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet. Du kan utføre laboratoriearbeid, delta på sommarskole ved eller ta del i ein annan utvekslingsaktivitet, i samråd med din rettleiar.

Vidare studiemoglegheiter

Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet. 

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: studie@bio.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i biologi