ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Barnevern - heltid og deltid (master)

Barnevernet skal sikre barns rett til vern og omsorg. På master i barnevern lærer du å møte barn, unge og deira nettverk med god fagleg kunnskap, openheit og dialog. Undervisninga er samlingsbasert over 2 år. Du kan søke om å ta studiet på deltid.

Kva lærer du?

Barn og unge som treng hjelp frÃ¥ barnevernet har ulike bakgrunnar, utfordringar og ressursar. Barnevernfagleg kompetanse byggjer pÃ¥ bidrag frÃ¥ fleire fag, som psykologi, juss, pedagogikk, helsefremjande arbeid og sosiologi. Du lærer Ã¥ bruke forsking og teori til Ã¥ møte barn, unge og deira nettverk pÃ¥ ein respektfull og hjelpsam mÃ¥te. 
Gjennom studiet tileignar du deg kompetanse til Ã¥ kartleggje behov og gjennomføre tiltak i samarbeid med dei det gjeld. Du fÃ¥r innsikt i førebyggjande, ressursorientert og endringsorientert arbeid, samt handtering av saksbehandling og avgjerdsprosessar pÃ¥ ein kritisk og kunnskapsbasert mÃ¥te. Du lærer Ã¥ reflektere kritisk over eigen praksis og vurdere samanhengar mellom samfunnsmandat, politiske diskursar, teori, forsking, regelverk og rettspraksis. Studiet gir deg verktøya til Ã¥ forstÃ¥ og forvalte verkemidla barnevernet rÃ¥r over.

Studiekvardag

Master i barnevernsarbeid er eit fulltidsstudium på 2 år, med moglegheit for deltid. Undervisninga er samlingsbasert. Da kombinerer vi forelesningar med meir aktive læringsformer, som seminar og sjølvstendig oppgåveløysing. For å knytte samen teori og praksis jobbar vi med refleksjon rundt kasus og ulike former for ferdighetstrening.

I praksisemnet (tredje semester) fÃ¥r du erfaring med Ã¥ arbeide saman med barn og familiar og med utviklingsarbeid pÃ¥ systemnivÃ¥. Den planlagde undervisninga utgjer berre ein del av studietida di i løpet av ei veke, resten av tida mÃ¥ du sjølv ta ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. 

Undervisninga er i hovudsak pÃ¥ norsk, men ein del er pÃ¥ engelsk. Litteraturen er bÃ¥de norsk og engelsk. Vi holder til i Alrek Helseklynge, rett utanfor Bergen sentrum, men undervisninga kan ogsÃ¥ finne stad i andre lokalar ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. 

Kva kan du jobbe som?

Med ein master i barnevern fÃ¥r du styrka kompetanse til Ã¥ jobbe med barn, ung og familiar i barnevernet, men ogsÃ¥ pÃ¥ andre arena. Kompetansen er og relevant for arbeid med barn og unge si psykiske helse, i kriminalomsorga og for arbeid i barnehage og skole. Det er store krav til kunnskapsbasert praksis i dag og du vil fÃ¥ kompetanse til Ã¥ jobbe med systemretta arbeid. Eksemplar pÃ¥ dette vil vara evaluering, utvikling av fagsystem, tiltaksutforming, osv.  Masteren kvalifisera ogsÃ¥ til arbeid i ulike kompetansemiljø, samt forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Sjå korleis du reknar ut karaktersnittet ditt

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk og engelsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet bestÃ¥r av seks obligatoriske emne pÃ¥ 15 studiepoeng og eit masteroppgÃ¥veemne pÃ¥ 30 studiepoeng. Det er et fulltidsstudium, men du kan ogsÃ¥ følgje ein deltidsprogresjon over 3 eller 4 Ã¥r. Er du heiltidsstudent, tar du 30 studiepoeng per semester, mens pÃ¥ deltid tar du 15 eller 30 studiepoeng.

I nokon tilfeller vil det vere mogleg å innpasse relevant vidareutdanning. Ta kontakt med instituttet for meir informasjon.

Studieløp fulltid:

1. semester 

(15 studiepoeng)  

(15 studiepoeng) 

2. semester  

(15 studiepoeng) 

(15 studiepoeng) eller (15 studiepoeng) 

3. semester 

(15 studiepoeng) 

(15 studiepoeng) 

4. semester 

(30 studiepoeng) 

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.

Vidare studiemoglegheiter

Med ein mastergrad i barnevern får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kvalifiserar til vidare ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i barnevern