ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Arkeologi (master)

Innan arkeologifaget forskar, analyserer og tolkar vi dei ulike kulturhistoriske spora i landskapet. Som arkeolog blir du ein viktig formidlar av mennesket si fortid, både i Noreg og internasjonalt.

Kva lærer du?

Arkeologiutdanninga ved Universitetet i Bergen er unik i si faglege samansetting, da vi ikkje berre tilbyr undervisning og rettleiing innan alle dei forhistoriske og historiske periodane innan europeisk arkeologi og MiddelhavomrÃ¥dets arkeologi, men ogsÃ¥ innan zooarkeologi og miljøarkeologi. PÃ¥ masterprogrammet i arkeologi lærer du: 

  • Ã¥ studere eit kjeldemateriale, kategorisere og analysere, og skrive ein tekst basert pÃ¥ dette
  • Ã¥ jobbe sjølvstendig som forskar, men ogsÃ¥ i team, med arkeologisk utgraving og rapportering
  • Ã¥ vere kritisk til kjelder og tolking
  • Ã¥ anvende ulike analyseverktøy, som geografiske informasjonssystem (GIS), i tillegg til arkeologisk utgraving og registrering
Studiekvardag

Masterstudiet i arkeologi er eit allsidig studium med ca. 2–4 timar undervisning i veka. Aktivitetane varierer frå semester til semester: 1. semester består hovudsakleg av forelesingar og seminar, mens 2. semester gir erfaring i feltarbeid. Feltkurset, som varer i ca. tre veker, gir kunnskap i arkeologisk utgraving og registrering, og bidrar til samhald og eit godt studiemiljø. I 3. og 4. semester skriv du masteroppgåve under rettleiing.

Undervisninga gir kontakt med potensielle arbeidsgjevarar og innblikk i dei praksisområda du kan jobbe med etter studiet.

Som masterstudent får du eigen lesesalplass. Det finst moglegheiter for arbeidspraksis under studiet, til dømes i Vestland fylke.

Som student vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, kafear og studentbar på campus.

Kva kan du jobbe som?

Med ein mastergrad i arkeologi kvalifiserer du til arbeid som arkeolog ved arkeologiske utgravingar og registreringar, og som sakshandsamar innan kulturminnevern og kulturminneforvaltning. 

Arkeologar jobbar ogsÃ¥ med forsking, undervisning og formidling ved ulike forskingsinstitusjonar og innan museumssektoren. Arkeologar jobbar ogsÃ¥ i andre typar offentlege og private verksemder innan kulturfeltet. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Sjå korleis du reknar ut karaktersnittet ditt

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:
Dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
Dei generelle opptakskrava for dette studiet, som du finn i studieplanen

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i arkeologi er eit toÃ¥rig fulltidsstudium som startar i august og januar, med hovudopptak i august.   

Studieløpet på masterprogrammet i arkeologi kan sjå slik ut: 

1. semester  

(10 studiepoeng)

 (10 s³Ù³Ü»å¾±±ð±è´Ç±ð²Ô²µ) â¶Ä¯&²Ô²ú²õ±è;

 (10 s³Ù³Ü»å¾±±ð±è´Ç±ð²Ô²µ) â¶Ä¯&²Ô²ú²õ±è;

2. semester    

  (20 studiepoeng)   

(10 s³Ù³Ü»å¾±±ð±è´Ç±ð²Ô²µ) &²Ô²ú²õ±è;

3. og 4. semester   

 (0 s³Ù³Ü»å¾±±ð±è´Ç±ð²Ô²µ) &²Ô²ú²õ±è;

 (60 s³Ù³Ü»å¾±±ð±è´Ç±ð²Ô²µ)&²Ô²ú²õ±è;

Utveksling

Du kan reise pÃ¥ utveksling i eitt semester til Storbritannia, Tyskland, Danmark eller Sverige.  Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, sprÃ¥kleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. 

Vidare studiemoglegheiter

Etter masterutdanning kan du gÃ¥ vidare og ta ein doktorgrad (ph.d.) som kan kvalifisere til vitskaplege stillingar innanfor universitets- og høgskulesektoren. ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ tilbyr etter- og vidareutdanning, blant anna innan museumsarbeid, og korleis skrive vitskaplege artiklar.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i arkeologi

Lenke til video