Arkeologi (bachelor)
Arkeologi er vitskapen om menneske og samfunn frå den eldste forhistoria fram til nyare tid, basert på studiar av dei materielle spora av menneska si aktivitet. Arkeologi er viktig for å gi meining til historiske stader og gjenstandar som kan seie oss noko om kvar og korleis menneske har levd.
- Varigheit
- 3 år
- Studieplassar
- 50
- Studiepoeng
- 180
- Studiestart
- Haust
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
Kva lærer du?
Som bachelorstudent lærer du korleis arkeologar arbeider. Du får kunnskap om ulike periodar, teoriar og metodar, slik at du kan tolke, kartlegge, sortere, stad- og tidfeste gjenstandar og materiale, og bidra til aktuell samfunnsdebatt.
Arkeologistudiet i Bergen har eit unikt opplegg der ein ser på mange ulike geografiske område i lys av kvarandre. Det er både teoribasert og praksisorientert, med innslag av materialkurs. Studiet passar for deg som liker å fordjupe deg i litteratur, samarbeide om gruppearbeid og jobbe med sjølvstendig arbeid.
Med ein bachelorgrad i arkeologi:
- har du god oversikt over sentrale tema og teoriar innanfor arkeologi
- har du kunnskap om verktøy og metodar innanfor arkeologifaget
- kan du bruke fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar
- kan du presentere aktuelt fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Studiekvardag
Bachelorstudiet i arkeologi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Du får ei blanding av obligatoriske og valfrie emne. I tillegg til å bruke tid på lesesalen med sjølvstudium har ei typisk veke på dette studiet 8–10 timar med forelesingar, seminargrupper og materialkurs.
Ã… studere arkeologi ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ gir deg nærleik til spennande arkeologiske lokasjonar pÃ¥ Vestlandet. Bergen er ein by med ei lang og interessant historie, pÃ¥gÃ¥ande arkeologiske utgravingar og relevante omrÃ¥de og studieobjekt.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga pÃ¥ NygÃ¥rdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar pÃ¥ campus. PÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Ã… vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di.
Kva kan du jobbe som?
Samfunnet treng arkeologar for å kunne seie noko om menneskets historie og utvikling. Dei som har tatt bachelorgrad i arkeologi har gode, solide allmennkunnskapar som kan brukast i ei rekke yrkessamanhengar. Arkeologi opnar for arbeid mellom anna i offentleg forvaltning, i museumssektoren, i administrative stillingar eller i organisasjonar.
Med bachelorgrad i arkeologi kan følgjande arbeidsplassar og stillingar verte relevante:
- konsulent i fylkes- og kommunesektoren
- museumsvert
- formidlar av lokal historie og i turistnæringa
- fagansvarleg i norske og internasjonale organisasjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk
Studiets oppbygging
1. semester
(10 studiepoeng) 
LES100 - Les og skriv (10 studiepoeng) 
(10 studiepoeng) 
2. semester  
 (20 studiepoeng) 
Fordjuping i arkeologi i perioden fram til 500 f. Kr. (10 studiepoeng). Du kan velje mellom:
ARK111 - Arkeologien av jeger- og sankarsamfunn
3. semester  
(20 studiepoeng) 
Fordjupingsemne i arkeologi i perioden 500 f.Kr. - 1500 e.Kr. (10 studiepoeng). Du kan velje mellom:
4. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (totalt 30 studiepoeng)
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ eller utveksling (totalt 30 studiepoeng)
6. semester
(10 s³Ù³Ü»å¾±±ð±è´Ç±ð²Ô²µ) &²Ô²ú²õ±è;
(15 studiepoeng) 
Fordjupingsemne i arkeologisk teori og metode (5 studiepoeng). Du kan mellom:
ARK213 - Fordjuping i arkeologisk teori og metode (2)
Utveksling
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, sprÃ¥kleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Du kan dra pÃ¥ utveksling i nesten heile verda pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sine avtaler. Du kan òg velje Ã¥ reise til eit av vÃ¥re arkeologiske samarbeidsuniversitet i Danmark, Storbritannia, Sverige eller Tyskland.
Vidare studiemoglegheiter
Ein bachelorgrad i arkeologi kan gi grunnlag for vidare studium på , som kvalifiserer deg til fleire yrker innanfor faget, blant anna som feltarkeolog.
Spørsmål om studiet?
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.