ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Arbeids- og organisasjonspsykologi (master)

Med masteren i arbeid- og organisasjonspsykologi vil du kunne bidra til å skape betre trivsel, effektivitet og produktivitet på arbeidsplassen. Det er stor etterspørsel etter kunnskap og kompetanse rundt leiarutvikling, teamutvikling, organisasjonsutvikling, arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering.

Kva lærer du?

Ein master i arbeids- og organisasjonspsykologi lærer deg å forstå og utvikle arbeidstakarar, leiarar, grupper og organisasjonar. Gjennom utdanninga får du kunnskap om rolla som konsulent, rådgjevar og endringsagent, og lærer om kartleggings- og forbetringstiltak for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling. Det er særleg fokus på arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering.

Studiekvardag

Masterstudiet er tilpassa fulltidsstudentar busett i Bergen. Store delar av studiet er prosess- og erfaringsbasert med gruppearbeid, praktisk trening og simuleringar, og inneber stor grad av samarbeid og samspel med andre. Mykje av undervisninga er obligatorisk. 

Undervisninga er variert og bestÃ¥r av blant anna: 

  • forelesingar
  • seminar
  • gruppearbeid
  • case-arbeid
  • diskusjon av forskingslitteratur
  • skriftlege og munnlege presentasjonar
  • praktisk prosjektarbeid i ein organisasjon (valfritt) 

Fagmiljøet i arbeids- og organisasjonspsykologi held til i Bjørn Christiansens hus, Christies gate 12, hovudbygget til Det psykologiske fakultetet. Det er her du vil halde til mesteparten av tida di som masterstudent.  

Det er eit aktivt studentmiljø på Det psykologiske fakultet, med mange grupper og aktivitetar, og du vil kunne finne ein studentorganisasjon som passar for deg.

Kva kan du jobbe som?

Med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan du arbeide innan

  • personalutvikling
  • HR-arbeid
  • ²¹°ù²ú±ð¾±»å²õ³¾¾±±ôÂáø³Ü³Ù±¹¾±°ì±ô¾±²Ô²µ
  • leiarutvikling
  • organisasjonsutvikling
  • bedriftshelseteneste

bÃ¥de i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar pÃ¥ lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivÃ¥. 

Du vil ha praktisk og analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgÃ¥ver, som sjølvstendig planlegging og iverksetting av prosjektarbeid, rÃ¥dgjevings-, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsoppgÃ¥ver, og informasjonsarbeid. 

Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Snitt 2025: 3,11
Sjå korleis du reknar ut karaktersnittet ditt

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle:

Dei generelle opptakskrava for master pÃ¥ ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
dei spesielle opptakskrava for dette studiet

Søknadsfrist: 15. april
±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì

±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì: Norsk

Studiets oppbygging

Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi startar i august og er eit toÃ¥rig studium pÃ¥ 120 studiepoeng. I det første og andre semesteret vil du ta fire emne pÃ¥ 15 studiepoeng kvar. Desse gÃ¥r i bolkar – det vil seie at du tar eitt emne om gangen, i første og siste del av kvart semester. Det første Ã¥ret vil du ta to fellesemne i lag med dei som gÃ¥r pÃ¥ master i psykologi. 

Du kan delta pÃ¥ feltarbeid i løpet av studietida i samband med masteroppgÃ¥ve og/eller det avsluttande emnet Studentfirma, der du jobbar som om du var konsulent, tar oppdrag for, og har kontakt med arbeidslivet. 

I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgÃ¥ve som skal leverast innan midten av mars i det fjerde semesteret. Vi anbefaler at du skriv masteroppgÃ¥va saman med ein medstudent. 

1. semester (haust) 

MAPSYK301 - Perspektiv i psykologisk vitskap (15 studiepoeng) 

MAPSYK321 - Leiar-, team og organisasjonsutvikling (15 studiepoeng) 

2. semester (vÃ¥r) 

MAPSYK322 - Arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering (15 studiepoeng) 

MAPSYK302 - Forskingsmetodar (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester (haust og vÃ¥r) 

MAPSYK345 - MasteroppgÃ¥ve i arbeids- og organisasjonspsykologi (45 studiepoeng) 

4. semester (vÃ¥r) 

MAPSYK323 - Praktisk utviklingsarbeid og rolla som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma (15 studiepoeng). Dette er eit valfritt emne og kan erstattast av andre relevante emne pÃ¥ masternivÃ¥. 

Utveksling

Du kan reise pÃ¥ utveksling i det andre semesteret. Søknadsfristen er allereie 25. august. Du kan ta valfrie emne innanfor programmets tematikk, i tillegg til metode. Alternativt kan du ogsÃ¥ gjennomføre inntil 15 studiepoeng i utlandet eller ved annan norsk institusjon i fjerde semester, som erstatning for . 

Vidare studiemoglegheiter

Studiet kvalifiserer deg for vidare forskarutdanning, til dømes Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet.

Du kan og ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter fullført master og bli lærar og undervise frå 5. til 13. trinn i skolen. 

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi