ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Tysk mastergradsoppgåve

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Masteroppgåva er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor språk, litteratur eller fagdidaktikk.

Oppgåva skal vise at studenten kan skrive eit vitskapleg arbeid som tilfredsstiller fagdisiplinen sine sjangerkrav, er godt orientert i forskinga på det området han/ho har valt, og er i stand til å behandle ei problemstilling på ein fagleg tilfredsstillande måte.

Emnet inneheld òg eit kurs i oppgåveskriving.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskap:

Kandidaten

  • har brei generell kunnskap innanfor faget og dybdekunnskapar innanfor eit avgrensa omrÃ¥de
  • har grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
  • har god kunnskap om oppgÃ¥veskriving i den aktuelle disiplinen

Dugleik:

Studenten

  • kan arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing pÃ¥ grunnlag av faglege kunnskapar
  • kan setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagomrÃ¥det
  • kan gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i trÃ¥d med gjeldande forskingsetiske normer
  • kjenner normene for akademisk skriving, bruk av kjelder i tekst og referansehandtering
  • kan bruka IKT-verktøy som er naudsynte for Ã¥ gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagomrÃ¥det
  • kan uttrykkja pÃ¥ tysk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagomrÃ¥de

Grunnkompetanse:

Studenten

  • kjenner til relevante kommunikative sjangrar
  • kan halda sjølvstendig fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
  • kan skaffa seg og nytta kunnskap pÃ¥ nye omrÃ¥de innanfor faget
  • kan ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagomrÃ¥det

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Masteroppgåva skal normalt skrivast i løpet av andre, tredje og fjerde studiesemester.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen formelle krav til forkunnskapar; men sjå tilrådde forkunnskapar.
Anbefalte forkunnskaper
Tilrådd startgrunnlag er basisdelen av mastergradsstudiet, dvs. TYS311 og TYS309 eller TSAK319.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett pÃ¥ masterprogrammet i tysk ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Arbeids- og undervisningsformer

Studenten vel tema for masteroppgåva i samråd med faglærar så tidleg som mogleg i andre semester. Instituttet legg til rette for at mastergradsstudentane kan leggje fram prosjektskisse/forarbeid eller deler av masteroppgåva på instituttseminar.

Studenten har rett til rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt, som gjer greie for rettar og plikter, skal underskrivast av student, rettleiar og instituttleiar, normalt i byrjinga av det andre semesteret.

Emnet inneheld òg eit kurs i oppgåveskriving.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Masterstudentane må inngå rettleiingskontrakt med rettleiaren sin og delta på kurset i oppgaveskriving.
Vurderingsformer

Mastergradseksamen kan avleggjast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret og 1. september og 20. november i haustsemesteret.

Vurderinga skjer på grunnlag av masteroppgåva og ein justerande munnleg eksamen som normalt skal avviklast seinast tre veker etter innleveringa av masteroppgåva.

Masteroppgåva skal skrivast på tysk og vere på mellom 70 og 110 sider med vanleg skriftstorleik (12 Punkt), halvannan linjeavstand og vanlege margar.

Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) skal ha tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren ein karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.

Ein student har, etter søknad, høve til å levere masteroppgåva på nytt i same fag i fall oppgåva er heilt ny eller så omarbeidd at ho kan vurderast som ny. Jf. Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet.

Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
VÃ¥r og haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringsstystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.