ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Det visuelle språket

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som mål å gi studenten teoretiske perspektiv på, og praktiske øvingar med, dei levande bileta og lyden sine ekspressive eigenskapar. Emnet har tre modular.

Modul 1 er teoretisk, og gir ei innføring i dei mest vanlege filmspråklege konvensjonane, og korleis fortidas og notidas filmskaparar har brukt desse konvensjonane, og korleis filmspråket kan bli brukt til å skape audiovisuelle forteljingar. I delar av kurset, lærer studenten også om alternative filmtradisjonar, samt om estetikken i ulike typar tv-fiksjon. I tillegg skal studenten gjennom førelesingar og seminar få kunnskap om handverksmessige prinsipp og audiovisuelle verkemiddel.

Dei to andre modulane er praktisk retta:

Modul 2: består av tre øvingsoppgåver med tilhøyrande teknisk opplæring.

Modul 3: består av ein produksjon der studentane skal anvenda kunnskapen og ferdigheitene dei har tileigna seg i modul 2 i praksis.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

  • har kunnskap om fortidas og notidas mest vanlege filmsprÃ¥klege konvensjonar
  • har kunnskap om alternative filmtradisjonar, og kan setje dei inn i relevante faglege samanhengar
  • kan gjere greie for dei stilistiske konvensjonane som kjenneteiknar ulike typar film- og tv-fiksjon (situasjonskomedie, dramaseriar, skilnaden pÃ¥ einkamera- og fleirkameraproduksjonar)

Ferdigheiter:

Studenten

  • har historisk og teoretisk kunnskap om ulike handverksmessige oppgÃ¥ver og audiovisuelle verkemiddel, samt deira ekspressive potensial og formidlingsmessige funksjonar i film- og tv-produksjon
  • skal gjennom praktiske øvingar og tilbakemeldingar frÃ¥ fagleg stab kunne innlemme og utnytte dei akademiske perspektiva pÃ¥ mise-en-scene, kamerarørsler, kameravinklar, bildeutsnitt, dybdeskarpheit, aksebrot, produksjonsdesign, lyddesign, klipping og lyssetjing (i studio og utandørs) i eigen praksis

Generell kompetanse:

Studenten

  • har innsikt i relevante teoretiske og praktiske problemstillingar innan fagomrÃ¥da dei levande bileta og lydens ekspressive eigenskapar
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre som har ein teoretisk og praktisk bakgrunn innanfor desse fagomrÃ¥da, og sÃ¥leis bidra til Ã¥ utvikle god praksis

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù

Undervisningssted

Media City Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
MEPRO100
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Bachelorprogram i TV-produksjon.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, teknisk trening og workshops.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på teknisk opplæring i samband med øvingsoppgåver.

Tre praktiske øvingsoppgåver:

  • ³¢²â»å´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð
  • °­±ô¾±±è±è´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð
  • ¹ó´Ç³Ù´Ç/±ô²â²õ-´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjende obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Eksamen består av to delar:

  1. Ein praktisk deleksamen: Ein gruppeproduksjon der studentane skal omsetja kunnskap og ferdigheiter innan lyd, klipp og foto/lys i praksis.
  2. Ein teoretisk/analytisk deleksamen: Analyse av filmspråkleg verkemiddel i fritt vald film eller tv-serie. Analysen kan leverast anten som skriftleg oppgåve (4500 ord, pluss/minus 10%) eller som videoessay (10-15 minutt, med voiceover).

Det vert nytta bokstavkarakterar (A-F) i vurderinga av både produksjonen og det skriftelege arbeidet, som tel høvesvis 60% og 40% ved utrekning av samla karakter.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakter A-F
Vurderingssemester

Eksamen blir normalt berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden mÃ¥ sendes før fristen for Ã¥ levere er gÃ¥tt ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarlig
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.