Spesialpedagogisk rådgjeving i teori og praksis
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- SPED317
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
-
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Emnet skal gi studentane ei innføring i rådgjeving med relevans for det spesialpedagogiske fagfeltet. Emnet skal førebu studenten til å utøve rolla som spesialpedagogisk rådgjevar på ein profesjonell og etisk måte. Gjennom praksis vil studenten få kjennskap til arbeidskvardagen og kva for oppgåver som kan inngå i rådgjevarrolla i hjelpe- og støttetenester. Til saman skal kunnskapen munne ut i eit skriftleg arbeid, der ei sjølvvalt problemstilling vert drøfta i lys av litteratur og praksiserfaringar.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
- har kunnskap om og kan kritisk reflektere over sentrale perspektiv innanfor spesialpedagogisk rådgjeving
- har kunnskap om og kan kritisk reflektere over etiske problemstillingar knytt til spesialpedagogisk rådgjeving
- har kunnskap om og kan identifisere hemmande og fremmande faktorar knytt til samarbeid i lys av spesialpedagogiske problemstillingar
- har gjennom praksis tilegna seg kunnskap om hjelpe- og støttetenester, og kan kritisk reflektere over tenestene sin rolle og funksjon
Ferdigheiter
Studenten...
- kan ved bruk av ulike rådgjevingsteoriar reflektere over tiltak som hjelpe- og støttetenester foreslår på individ- og systemnivå
- kan identifisere hemmande og fremmande faktorar knytt til samarbeid mellom ulike profesjonsgrupper innanfor oppvekst- og opplæringssektoren
- har utvikla ferdigheiter knytt til kommunikasjon, samarbeid og observasjon som er relevante for å utøve rolla som rådgjevar
Generell kompetanse
Studenten...
- kan med bakgrunn teori og praksis analysere relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar i spesialpedagogisk rådgjeving
- kan identifisere behov for utvikling og endring i oppvekst- og opplæringssektoren
- kan kommunisere om spesialpedagogiske problemstillingar, analyser og konklusjonar, både med fagfeltet og til ålmenta
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
³ÕÃ¥°ù, annakvart Ã¥r
Undervisningssted
Bergen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emne er ope for alle med studierett på masterprogrammet i spesialpedagogikk.
Arbeids- og undervisningsformer
Emne nyttar forelesingar, seminar, ulike former for digital samarbeidslæring, samt rettleiing på skriftleg arbeide.
Emne vil innehalde om lag:
- 8x3 timar forelesning/seminar
- 1 time individuell rettleiing pr. student i arbeidet med semesteroppgåva
I tillegg inngår 3 veker med praksis i støttetenester som Universitetet i Bergen har avtale med. Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om praksis ved semesterstart.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Følgjande obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emne:
- Deltaking på førelesing/seminar
- Deltaking i og godkjent praksis
- Utføre to av praksiskrava som er utarbeidd for de ulike praksisstedene (jf. skriv om praksis)
- Munnleg presentasjon av erfaringar frå praksis (gruppevis i seminar etter praksis)
- Organisere og gjennomføre paneldebatt med aktørar frå praksisfeltet
Vurderingsformer
I emne nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- ³§±ð³¾±ð²õ³Ù±ð°ù´Ç±è±è²µÃ¥±¹±ð 3000 ord (+/- 10 %), utforma etter APA-standarden sine retningslinjer. OppgÃ¥va skal byggje pÃ¥ ein sjølvvalt problemstilling som vert drøfta i lys av litteratur pÃ¥ emne og relevante praksiserfaringar
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù, annankvart Ã¥r. I særskilte høve kan fakultetet gje tilbod om vurdering i det pÃ¥følgande høstsemesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. Litteraturlista er på om lag 900 sider.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultetet sine rutinar for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringa er nettbasert.
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet