Samarbeid rundt funksjonshindra barn og unge
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- SPED103
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
-
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Målet med emnet er at studentane skal utvikle grunnleggjande innsikt i ulike funksjonshindringar og korleis desse kan opplevast av born og unge i skule og utdanning. Emnet vil gje studentane ein teoretisk bakgrunn for å kunne beskrive utfordringar og moglegheiter på individ- og systemnivå knytt til ulike vanskar, og gje innsikt i korleis slik kunnskap kan bidra når velferdstenester skal samarbeide om tenester til barn, unge og deira familiar. Emnet vil mellom anna fokusere på korleis ein i rolla som barnekoordinator kan ivareta barn og unge sin rett til medverknad.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten...
- Har grunnleggjande kunnskap om ulike former for funksjonshindringar knytt til psykologiske, fysiologiske, kognitive, sensoriske og/eller biologiske faktorar
- Har oppdatert forskingsbasert kunnskap om korleis barnehage og skule fungerer for funksjonshindra born og unge
- Har grunnleggjande innsikt i velferdstenestene si plikt til å samarbeide på system- og individnivå knytt til funksjonshindra born og unge, til dømes i overgangar mellom ulike delar av utdanningssystemet
- Har grunnleggjande kunnskap om familiar og born sine rettar ved varige og omfattande hjelpebehov
Ferdigheiter
Studenten...
- Kan bruke forskingsbasert kunnskap om funksjonshindringar og kjennskap til lovverk i analyse av aktuelle case
- Kan fordjupe seg i korleis funksjonshindringar og arbeid med barn og unge opplevast av aktørar i feltet
Generell kompetanse
Studenten...
- Kan bidra konstruktivt i gruppearbeid
- Kan finne fram til og bruke forskingslitteratur og aktuelle lovverk til fagleg fordjupingsarbeid
- Kan munnleg formidle fagleg relevant arbeid
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
³ÕÃ¥°ù
Krav til forkunnskaper
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet krever studierett ved følgende program:
- Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vil bestå av:
- førelesingar (12x2 timar)
- workshop med gruppevise presentasjonar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking i undervisning
- Intervjue ein relevant fagperson (gruppevis)
- Gruppevis presentasjon der alle i gruppa bidreg aktivt
Dei obligatoriske undervisningsaktivitetane må vere godkjende før studentane kan framstille seg til vurdering i emnet.
Vurderingsformer
Mappevurdering. Mappa består av to delar:
- Podcast i gruppe. Tell 70 prosent av karakteren i emnet.
- Refleksjonsnotat, individuelt. Tell 30 prosent av karakteren i emnet.
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarlig
Institutt for pedagogikk
Emneansvarlig
Institutt for pedagogikk
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet