ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Klimaendringar - årsaker og konsekvensar

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

²ÑÃ¥±ô og innhold

²ÑÃ¥±ô

Emnet tek sikte på å gje ei innføring i klimakunnskap. Det gjer grunnlag for å forstå dei underliggjande fysiske prosessane og tilbakekoblingsmekanismar som styrer klimavariasjonar på ulike tidsskala. Korleis ulike menneskeskapte utslepp påverkar klima og kva som er hovudfaktorane som driv endringane i utslepp. I tillegg vert nokre fysiske og økonomiske klimaeffektar og rammeverket for klimarisikovurdering presentert saman med ein oversikt over internasjonale rammeverk for klimatiltak, tilpassing og utsleppsreduksjonar. Emnet vil gi studentane eit utgangspunkt for å betre forstå betydinga av FNs bærekraftmål og setja desse i samanheng med den pågåande endringa i klima.

Innhald

Emnet forklarer korleis variasjonar i ulike eksterne pådrag som solinnstråling, vulkansk aktivitet, endringar i drivhusgassar og forureiningspartiklar kan bidra til endringar i klimasystemet. Emnet vil gjennomgå korleis ulike interne tilbakekoplingsmekanismar styrker eller svekkjer graden av klimaendringane og vil gjere deltakarane i stand til å samanlikne dei siste hundre års observerte klimaendringar med tidlegare tiders naturlege variasjonar i klima.

Emnet vil gjennomgå nokre fysiske og økonomiske risiko og konsekvensar forbundet med endringar i klima. Begrepet risiko og risikoanalyse gjennom farer, eksponering og sårbarhet vert gjennomgått. Emnet svarer til FNs bærekraftsmål (spesielt SDG-13) ved å styrke vår kunnskap om klima og klimarelaterte farar.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • skal forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane som styrer klima og klimavariasjonar
  • skal gje ei oversikt over ulike menneskeskapte utsleppskjelder
  • skal forstÃ¥ dei grunnleggjande drivarane av globale klimautslepp.
  • skal forstÃ¥ begrepet risiko gjennom hendelse, eksponering og sÃ¥rbarhet
  • skal forstÃ¥ moglege fysiske og økonomiske konsekvensar av klimaendringar for samfunnet
  • skal forklare dei viktigaste internasjonale rammeverka for klimaendringsvurdering, -tilpassing og -demping
  • skal sette FNs samfunnsutviklingsmÃ¥l 13 i perspektiv med andre SDG-mÃ¥l

Ferdigheiter

Studenten

  • skal kunne nytte grunnleggjande terminologi og uttrykk for klima og klimaendringar
  • skal kunne utføre berekningar av jorda sin følsemd for eksterne klimapÃ¥driv som sol, vulkanar og endringar i klimagassar
  • skal kunne vurdere de fysiske og økonomiske konsekvensane av klimaendringar og vurdere deira innverknad pÃ¥ samfunnet gjennom eit risikorammeverk
  • skal kunne sette FNs samfunnsutviklingsmÃ¥l 13 i perspektiv med andre SDG-mÃ¥l
  • skal kunne styrke sine ferdigheiter i munnleg presentasjon, vitskapleg skriving, og diskusjon
  • skal kunne demonstrere ferdigheiter i Ã¥ presentere venskapleg kunnskap til medstudentar og andre
  • skal kunne reflektere over tilkoblingen og interaksjonen mellom FNs bærekraftsmÃ¥l

Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne nytte kritisk tenking og fysiske forstÃ¥ing
  • skal kunne demonstrere interdisiplinær forstÃ¥ing om koplingar mellom menneskeleg pÃ¥verknad av naturen og jorda igjennom diskusjon
  • skal kunne samanfatte koplinga mellom klima, miljø, økonomi, demografi og sosiale relasjonar igjennom Ã¥ studere effekten av menneskeskapte utslepp av klimagassar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i .

Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34.

Tidspunkt for første førelesing finn du i timeplanen pÃ¥ nettsida til emnet eller pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´. Det er obligatorisk oppmøte pÃ¥ første førelesing. Dersom du ikkje kan møte pÃ¥ første førelesing mÃ¥ du ta kontakt med studieseksjonen: studieveileder@gfi.uib.no

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesing.

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper

Grunnleggjande kunnskap innan matematikk, fysikk eller geofag er anbefalt.

Det er også en fordel å ha vært student på universitetsnivå i minst to år.

Studiepoengsreduksjon
MNF344: 5ECTS
Krav til studierett
Opent for alle studentar ved Universitetet i Bergen
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av video førelesningar (Massive Open Online kurs; MOOC), klasseroms undervisning og kollokviearbeid.

- MOOC-kurs: 20 timer

- Førelesningar: 2 timer i veka i 12 veker

- Gruppeøvingar: 2 timer i veka i 12 veker

I tillegg skal studentane lage en plakat eller en video av eitt emne knytt til kurset som skal presenterast på kurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på førelesingar og gruppetimar (minst 80% frammøte).

Fullført minst 80 % av kursstega og alle test spørsmåla i MOOC kurset "Causes of Climate Change (bestått/ikkje bestått)

Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i semesteret det undervises i.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

Mappevurdering. Mappa består av:

  • presentere plakat eller video (30%)
  • munnleg eksamen (70%)

Delvurderingane må vere bestått for å bestå emnet. Presentasjon av plakat eller video er gydlig i inneverande semester og to påfølgjande semester.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er berre vurdering i semester med undervisning i emnet.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og Instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarlig
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.