ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Etnografi i praksis

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Det etnografiske feltarbeidet, vidt definert som eit systematisk studie av menneskeleg åtferd i sosial og kulturell kontekst, er ein sentral del av korleis sosialantropologar produserer og formidlar kunnskap. Samstundes er det ein vitskapleg metode med stadig større fagleg relevans også i andre disiplinar og utanfor akademia.

I emnet lærer vi om eigenarten i etnografisk metode og dei sentrale metodiske komponentane av feltarbeid, inkludert deltaking, observasjon og kvalitative intervju. Emnet kombinerer grunnleggjande epistemologiske, teoretiske og omgrepsmessige diskusjonar av etnografisk metode med ei praktisk tilnærming til feltarbeid.

Gjennom praktiske øvingar lærar studentane å reflektere over forholdet mellom forskings-spørsmål og metodebruk, å nytte ulike metodologiske tilnærmingar, og å gjera forskingsetiske vurderingar. At emnet har fokus på overførbare praktiske ferdigheiter så vel som på teoretisk kunnskap gjer det like godt tilrettelagt for studentar som vil utvikle kvalitative ferdigheiter med nytteverdi i arbeidslivet som for dei som vurderer ein master i sosialantropologi eller andre samfunnsvitskapar.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten...

  • kjenner til eigenarten ved etnografisk feltarbeid som vitskapleg metode og plassen det har i samfunnsvitskapleg forsking.
  • har oversikt over sentrale epistemologiske og teoretiske diskusjonar knytte til etnografisk feltarbeid.
  • har innsikt i og kan anvende ulike metodiske komponentar i feltarbeid, inkludert observasjon, deltaking og kvalitative intervju.  
  • har forstÃ¥ing for og kan vurdere forskingsetiske problemstillingar og krav i tilknyting til etnografisk feltarbeid.

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan drøfte ulike metodologiske framgangsmÃ¥tar og reflektere over metodiske val.
  • kan nytte sentrale etnografiske metodar, inkludert observasjon og kvalitative intervju, for Ã¥ rette lys mot sosiale og kulturelle forhald.
  • kan gjere greie for sentrale etiske retningslinjer i etnografisk metode og reflektere over etiske utfordringar.

Generell kompetanse

Studenten...

  • viser evne til kritisk tenking og analytisk refleksjon over forholdet mellom teori, metode og empiri.
  • kan anvende etnografisk metode som ei praktisk ferdigheit i ulike profesjonelle samanhengar.
  • kan kommunisere metodiske refleksjonar bÃ¥de munnleg og skriftleg.

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

³ÕÃ¥°ù
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
SANT275 (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´
Arbeids- og undervisningsformer
Arbeidsformer inkluderer forelesingar, seminar, og praktiske øvingar. Undervisning samt praktiske øvingar går over heile semesteret. 
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet har følgande obligatoriske aktivitetar

  • Innleveringar knytt til praktiske og teoretiske oppgÃ¥ver
  • Munnleg presentasjon og deltaking i heildags fagfelleseminar (avhaldas i andre halvdel av semesteret)

Alle obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Godkjende aktivitetar på emnet er berre gyldig inneverande semester.

Vurderingsformer

Mappe basert pÃ¥ innleveringar knytt til praktiske og teoretiske oppgÃ¥ver. Nærmare informasjon om, og krav til og utforming av det skriftlege arbeidet vil bli publisert pÃ¥ Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´.

Innleveringsoppgåvar vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Innleveringar kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala: A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´s studieforskrift § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til studieveileder.sosantr@uib.no. Søknaden mÃ¥ sendes før fristen for Ã¥ levere er gÃ¥tt ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i trÃ¥d med ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssystem for utdanning
Programansvarlig
Undervisingsutvalet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
Administrativt ansvarlig
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for sosialantropologi har det administrative ansvaret for emnet