Forskingsdesign og kvalitative metodar
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester ³ÕÃ¥°ù
- Emnekode
- SAMPOL307-2
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
SAMPOL307-2 er eit emne i forskingsdesign. I tillegg til å studere eit breitt utval kjerneemne innan forskingsdesign, vil studentane bli gjeve opplæring i logikk og bruken av datainnsamling og -analyse av kvalitative samfunnsdata.
Kurset fokuserer på logikken som ligg bak forskingsdesignet, og nytteverdien og relevansen av fleire forskjellige metodar innan kvalitativ datainnsamling og analysar av denne i samfunnsvitskaplege studiar.
Spesifikke tema inkluderer: konseptualisering, kausalitet, casestudiar og samanlikning av par, komparativ metode, prosessporing, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, komparativ historisk analyse, feltarbeid og intervjuar.
For å bli kjent med korleis dei forskjellige metodane og forskingsdesigna blir brukt i praksis i publiserte artiklar, vil studentane lese eit utval forskingsartiklar og skrive fleire tekster som: (1) diskuterer korleis spesifikke metodar blir brukt og (2) evaluerer resultata av metodevala.
Emnet er delt inn i følgjande deler:
Konseptualisering, kausalitet, casestudiar, parvis samanlikning og einingsutval, komparativ metode, prosessporing, komparativ historisk analyse, kvalitativ komparativ analyse (QCA), multimetodeanalyse, feltarbeid og intervju.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Utvise kjennskap til eit breitt utval nøkkelelement ved forskjellige typar forskingsdesign
- Gjennomføre i praksis kunnskap om metodar og best muleg metodeval for å effektivt kunne samle inn og analysere kvalitative data
- Utvise og artikulere kjennskap til eksisterande akademisk litteratur og bruken av nøkkelelement i kurset.
Ferdigheiter
- Demonstrere at dei kan fullføre skrivne tekster som framvisar evner til å analysere og kritisk evaluere bruken av forskingsdesign i eksisterande akademisk litteratur
- Designe eit sjølvstendig statsvitskapleg forskingsdesign
- Forstå relevansen til eit breitt utval forskingsdesignverktøy og -metodar og framvise t dei kan bruke dei i praksis.
Generell kompetanse
- Vise at dei kan designe eit samfunnsvitskapleg forskingsopplegg
- Utvise analytiske og kritiske evner i gjennomført vitskap
- Artikulere kjennskap til nøkkelkonsept i den vitskaplege litteraturen om vitskapleg design og kvalitative metodar innan samfunnsforsking.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Heimeeksamen, ei veke, maksimum 4500 ord
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
³ÕÃ¥°ù
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta i ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden mÃ¥ sendes til