Praktisk argumentasjon
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- RET208
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Norsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Studentane skal kunne analysere og vurdere argumentasjon i ulike typar tekstar med hjelp av omgrep frå klassisk og moderne retorikk og argumentasjonsteori. Dei skal kunne gjere greie for funksjonane til påstandar som inngår i resonnement, skille mellom ulike argumentasjonsfasar og argumentasjonstypar, og vere i stand til å gi velgrunna vurderingar av argumentasjonen dei møter i ulike samanhengar, innanfor akademia og i det offentlege ordskiftet. Dei skal kunne utnytte den teoretiske innsikta dei får i utforming av eigne argumentative tekstar. Dei skal kjenne til historiske samanhenger for teoriar om argumentasjon i eldre og nyare tid.
Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha
- kjennskap til sentrale omgrep i klassisk argumentasjonsteori
- kjennskap til sentrale omgrep og modellar i moderne argumentasjonsteori
- kjennskap til utvalde originaltekstar
Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne
- analysere og kritisk vurdere argumentasjonen i ulike typer tekstar (talar)
- framføre eit resonnement etter visse kriterier, og kritisk analysere og vurdere eigen prestasjon
- formidle hovudtrekk ved ein tekst eller tale med omsyn til argumentasjonsmåte
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- å utforme eigne argumentative tekstar i ulike sjangrar
- å fungere som konsulent for andres tekstar
- å delta sjølvstendig og kritisk i samfunnsdebattar og i andre profesjonelle samanhenger der argumentasjon står sentralt
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av semesteroppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan skje individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finn stad, jamfør ordinære reglar.
- Bestått breiddetest
- Oppmøtekrav på førelesingane: studentar kan maksimalt gå glipp av 6 timar (3 førelesingar) utan gyldig grunn/dokumentasjon
- Munnleg innlegg
Vurderingsformer
Ei semesteroppgÃ¥ve pÃ¥ mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgÃ¥va skal vere godkjend av faglærar pÃ¥ førehand. OppgÃ¥va skal leverast elektronisk via Mitt ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.
Karakterskala
Vurderingssemester
±á²¹³Ü²õ³Ù/³ÕÃ¥°ù
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.