ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Barn som pårørande når foreldre eller sysken er alvorleg sjuke eller døyr

Masteremne

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet har som mål at studentane skal tileigne seg inngåande kunnskap om, forståing av og handlingsberedskap knytt til mindreårige (<18 år) barn som pårørande og etterlatne til alvorleg sjuke foreldre eller sysken - anten det gjeld alvorleg somatisk eller psykisk sjukdom, rus, skade, ulukker eller plutselege dødsfall.

Emnet skal formidle diagnoseuavhengig og avansert kunnskap om konsekvensar for barn som pårørande på kort og lang sikt, betydninga av systemarbeid, kommunikasjon og samhandling innan helse- og sosiale tjenester og skule/barnehage, samt tiltak og intervensjonar for å støtte familifunksjonen og fremme meistring og positiv utvikling.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande definerte kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • avansert innsikt og forstÃ¥ing av lovverket knytt til barns rettar som pÃ¥rørande og etterlatne
  • avansert innsikt i barn som pÃ¥rørande ut frÃ¥ eit familie-, kontekst- og nettverksperspektiv
  • inngÃ¥ande kunnskap om barns perspektiv, utfordringar og behov i møte med alvorleg sjukdom, kriser og død
  • avansert kunnskap om mogelege kortsiktige og langsiktige konsekvensar for barn si utvikling og livsmeistring
  • avansert innsikt i betydinga av systemarbeid pÃ¥ ulike nivÃ¥
  • inngÃ¥ande forstÃ¥ing av betydinga av samarbeid og samhandling mellom ulike nivÃ¥ i helse- og sosialtenesta
  • inngÃ¥ande kunnskap om betydinga av oppfølging og støtte frÃ¥ skule og barnehage til barn som pÃ¥rørande
  • beskrive universelle tiltak, ulike tilnærmingar og intervensjonar for Ã¥ ivareta og førebyggje seinskadar
  • inngÃ¥ande kunnskap om barn sine sorgreaksjonar og viktige prinsipp i oppfølging av barn i sorg

Ferdigheiter:

  • avansert forstÃ¥ing og tilnærming til barn som pÃ¥rørande ut frÃ¥ eit familie-, nettverk- og kontekstperspektiv
  • inngÃ¥ande ferdigheiter i informasjon og kommunikasjon med barn som pÃ¥rørande tilpassa alder
  • vurdere ressursar i og rundt barnet, og identifisere behov for kortsiktig og langsiktig oppfølging
  • hjelpe og støtte barna gjennom rettleiing av foreldre/føresette
  • planleggje og gjennomføre hensiktsmessige tiltak for Ã¥ støtte familien og fremje meistring hos barna
  • forstÃ¥ korleis barn sine sorgreaksjonar kan pÃ¥verke funksjonsnivÃ¥ og iverksetje tilpassa oppfølging
  • undervise og rettleie pasientar, pÃ¥rørande, helsepersonell og pedagogisk personell om ulike tema innan emnet

Generell kompetanse:

  • anerkjenner barn som pÃ¥rørande som ein naturleg del av helsetenesta og møtet med familien
  • erkjenner dei relasjonelle utfordringane knytt til familiefungering og ivaretaking av barn sine behov i kriser
  • erkjenner utfordringar og behov foreldre og barn har i møte med helsevesen og skule
  • er medviten om at familiens sosiale nettverk kan ha uutnytta ressursar og iverksetje tiltak for Ã¥ optimalisere støtte
  • arbeider aktivt for Ã¥ implementere kunnskap, tiltak og samhandling om barn som pÃ¥rørande/etterlatne i og mellom ulike tenester
  • bidreg til fagutvikling pÃ¥ omrÃ¥det og utviklar intervensjonar som fremjar meistring hos barn og vaksne

Fulltid/deltid

Deltid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår eller haust. Undervisninga går over eitt semester.
Krav til forkunnskaper
Personar med minimum bachelorutdanning, til dømes innan medisin, helse- og sosialfag, skule og barnehage, PPT-tenesta, kyrkje med meir.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for inntil 25 studentar med studierett på masternivå (EVU).
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går over eitt semester og er lagt til fire samlingar à to dagar, med nettbasert arbeid mellom samlingane. Samlingane utgjer til saman om lag 48 timar og vekslar mellom bruk av førelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar/demonstrasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen:

  • 80 % obligatorisk deltaking pÃ¥ samlingane
  • Mellom samlingane er det obligatoriske arbeidsoppgÃ¥ver som mÃ¥ vere bestÃ¥tt før eksamen kan gjennomførast.
Vurderingsformer
Heimeeksamen over 10 dagar med innlevering av oppgåve på 3 000 ord (+/- 10 %).
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Haust eller vår, vurdering i same semester som undervisninga blir gitt.
Litteraturliste
Litteratur på ca. 800 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem. Emne- og programevalueringar finn ein pÃ¥ kvalitetsbasen.uib.no.
Programansvarlig
Senter for krisepsykologi
Emneansvarlig
Senter for krisepsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet