ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´

Affekt og kognisjon

³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð

Emnebeskrivelse

MÃ¥l og innhold

Emnet gjev brei kunnskap om tilhøvet mellom kognitive prosessar og affektive tilstandar. Fokus er både på korleis emosjonar er påverka av kognitive prosessar og korleis affektive tilstandar påverkar kognitive prosessar. Emnet gjev også spesifikk kunnskap om korleis utvalde kognitive prosessar er påverka av affekt. I tillegg tar emnet opp tilhøvet mellom affekt og bevisstheit, kognitive mekanismar i affektregulering, og kulturelle og individuelle forskjellar i affekt.

³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten:

  • kjenne til og definere ulike former for affekt, inkludert emosjonar, affekt og kjensler.
  • skildre og diskutere sentrale modellar for tilhøvet mellom affekt og kognisjon og sentrale funn som ser nærmare pÃ¥ desse modellane.
  • ha innsikt i dei to hovudspørsmÃ¥la i faget: pÃ¥ kva slags mÃ¥tar menneskeleg tenking er pÃ¥verka av affekt, og i kva grad emosjonelle reaksjonar er pÃ¥verka av kognitive prosessar.
  • forklare korleis affektive tilstandar kan manipulerast og mÃ¥last.
  • ha innsikt i kva kognitiv vurdering er, samt drøfte betydinga av kognitiv vurdering for emosjonar.
  • gjere greie for korleis affekt kan fungere som ei informasjonskjelde.
  • definere affekt-priming, humørkongruens og humøravhengig hukommelse, og vise kva rolle affekt spelar i persepsjon, merksemd og hukommelse.
  • kjenne til korleis problemløysing kan vere pÃ¥verka av affekt.
  • vite kva metakognitive kjensler er, og korleis desse kan studerast i hukommelse og problemløysing.
  • forklare kva tid og korleis menneskelege vurderingar er pÃ¥verka av affekt.
  • ha innsikt i tilhøvet mellom affekt og avgjerdstaking (beslutningstaking), og kva ulike teoriar hevdar om nytteverdien av antesipert versus antesipatorisk affekt for avgjerder (beslutninger).
  • forklare tilhøve mellom affekt og bevisstheit, og mellom affekt og intuisjon.
  • vite kva som meinast med affektregulering, og kva rolle kognitive mekanismar spelar for affektregulering.
  • gjere greie for ulike teoretiske syn pÃ¥ kulturelle forskjellar i oppleving av emosjonar og individuelle forskjellar i emosjonell intelligens.

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • samanlikne modellar og omgrep i faget opp mot kvarandre.
  • bruke fagleg kunnskap for Ã¥ forstÃ¥ menneskeleg Ã¥tferd i aktuelle situasjonar.
  • peike pÃ¥ svake og sterke sider ved sentrale teoriar og studiar i faget.
  • formidle sentralt fagstoff skriftleg.

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • vere bevisste pÃ¥ korleis omgrep og modellar frÃ¥ emnet kan brukast til Ã¥ forstÃ¥ menneskeleg Ã¥tferd.
  • kunne sjølvstendig, og utan hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskaper og metodar innanfor affekt og kognisjon

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Det er tilrådd at deltakarane har kunnskap i psykologi tilsvarande førsteårsstudiet i psykologi. Kjennskap til kognitiv psykologi er ein fordel ved deltaking på emnet.
Studiepoengsreduksjon
Ikkje aktuelt
Krav til studierett

Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:

  • Bachelorprogrammet i generell psykologi
  • Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap
Arbeids- og undervisningsformer
Dei spesifikke måla kan bli nådde gjennom deltaking i organisert undervisning, sjølvstudium og samarbeid med medstudentar. Undervisninga er delt mellom nøkkelførelesingar og seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen. Eksamen kan bli besvart på engelsk eller norsk (bokmål/nynorsk).
Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Haust og vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet vert evaluert i trÃ¥d med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og ºÚÁϳԹÏ×ÊÔ´ sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel tillatne (med unntak av ikke-leksikalsk ordbok).

Programansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Emneansvarlig
Institutt for samfunnspsykologi
Administrativt ansvarlig
Det psykologiske fakultet