Kvantitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap
³¢Ã¥²µ²¹°ù±ð²µ°ù²¹»å²õ±ð³¾²Ô±ð
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester Haust
- Emnekode
- PRPSYKMET2
- Talet på semester
- 1
- ±«²Ô»å±ð°ù±¹¾±²õ²Ô¾±²Ô²µ²õ²õ±è°ùÃ¥°ì
- Engelsk
- Ressursar
Emnebeskrivelse
MÃ¥l og innhold
Kurset gir ei innføring i grunnleggande metodar for beskriving, behandling og oppsummering av kvantitativt datamateriale. Det blir gitt opplæring i vanlege former for organisering av kvantitative data, ulike former for beskriving og oppsummering av slike data, samt sentrale prinsipp for å gjere statistiske slutningar.
Gjennom praktiske øvingar vil studentane få trening i bearbeiding og oppsummering av kvantitativ informasjon. Vidare vil kurset gi ei innføring i korleis ein evaluerer og anvender kunnskap frå kvantitativ forsking i psykologiske kontekstar.
³¢Ã¦°ù¾±²Ô²µ²õ³Ü³Ù²ú²â³Ù³Ù±ð
Ved fullføring av emnet skal studenten ha dei følgjande læringsutbyta definerte i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan ...
- gjere greie for ulike kvantitative forskingsmetodar innanfor psykologi
- gjere greie for prinsipp for statistiske slutningar i kvantitativ forsking
- gjere greie for kvalitetskriterium i kvantitativ forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
- kritisk analysere relevant kvantitativ forsking og meistre relevant metodologisk terminologi
- beskrive og differensiere hovudtilnærmingar til kvantitativ dataanalyse
- identifisere situasjonar der det er relevant å bruke ulike former for kvantitativ dataanalyse
- kjenne til prinsipp for organisering av kvantitativt datamateriale
- kjenne til grunnleggande statistiske omgrep som sentraltendens, spreiing og samanheng
Ferdigheiter
Studenten kan ...
- utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvantitativ forsking
- vurdere kvalitet på kvantitative undersøkingar
- tilrettelegge og organisere kvantitative data ved hjelp av standard programvare
- framstille enkel univariat og bivariat statistikk ved hjelp av standard programvare
- tolke resultat frå statistiske analysar av bivariate samanhengar og forskjellar mellom grupper
- kommunisere resultat frå statistiske analysar i samsvar med vitskaplege standardar
Generell kompetanse
Studenten kan ...
- stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og begrensningar ved kvantitativ forsking
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningssted
Krav til forkunnskaper
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking i øvingar (godkjenning av lærar
- Fullførte oppgåver knytte til førelesingstema (godkjenning av lærar)
Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent
Vurderingsformer
4 timars skuleeksamen.
Studenter kan svare på norsk eller engelsk.